Vel stad

Ryfylke

Folk i Ryfylke 2023 – Ryfylkehumoren

Fleire stader

Startar: 16 nov 2023 | KL 11:00

Sluttar: 30 des 2023 | KL 16:00

Stad: Fleire stader

Årboka er her, den er til sals på Innbyggartorget/Finnøy

Hjå Skriveriet i Gata på Sand

I Nesasjøhuset i Nordenden på Sand

I nettbutikken til Ryfylkemuseet

Medlemmer i Venneforeninga får boka fritt tilsendt samt gratis inngang på alle anlegga våre i ordinær opningstid

 

Kun 250,- for mange gode augneblinkar

I år har me hatt redaksjonell hjelp av Hjørdis Halleland Mikalsen og Leif Arild Steen, den eine journalist, den andre humorist. Begge frå Finnøy.

Allereie i forordet deira kjem Ryfylkehumoren til sin rett, dei er på veg til Sand og har oversett ei vegsperring og blir bryskt stoppa av ein vegarbeidar:

Leif Arild stotrar.

– Me visste ikkje at det var vegarbeid her …, seier han spakt.

Men her er ingen formildande omstende.

– Det står eit ganske så tydeleg skilt lenger oppi vegen der. Såg du ikkje det?!
– Jo, men …, altså …

Og det er då det skjer. Leif Arild gjer eit grep som snur heile samtalen.

– Det er berre å beklaga, altså. Men du veit, seier han og nikkar i mi retning.
– Me kjem frå Finnøy. Og der er me litt sånn …

Han lagar sirklar med peikefingeren like ved tinningen medan det glimtar skøyaraktig i augnekroken. Det skjer noko med andletet til vegarbeidaren. Det irriterte uttrykket sprekk opp i eit stort smil.

– Å ja, då så. De kjem frå Finnøy. Det forklarar saka!

Isen er broten. Våpena er lagde ned.

Resten av historia finn du i Årboka 2023

Bli Medlem