Vel stad

Suldal

Bokkafé: Godt Ry – Kjensla av Ryfylke

Nesasjøhuset

Startar: 20 okt 2020 | KL 19:00

Sluttar: 20 okt 2020 | KL 20:00

Stad: Nesasjøhuset

I halvtanna år har Roy Høibo og Lise Bjelland samla stoff om folk og liv i Ryfylke. Tirsdag 20. oktober presenterer dei boka «Godt Ry – Kjensla av Ryfylke», på Nesasjøhuset.

 

I halvtanna år har Roy Høibo og Lise Bjelland samla stoff om folk og liv i Ryfylke. Tirsdag 20. oktober presenterer dei boka «Godt Ry – Kjensla av Ryfylke.»

Boka er blitt til i begeistring for Ryfylke og byr på både natur, folk og forteljingar om det ryfylkingane lever av.

«Å reise i Ryfylke kan vera ei oppdagingsferd i nytenking, kreativitet og risikovilje», skriv Roy Høibo i boka. «Å reise i Ryfylke er møte med folk som vil og kan og som får det til».

Målet har vore å vise fram ein del av det flotte som går føre seg i Ryfylke, og vise at Ryfylke har minst like mye å by på som meir framsnakka delar av vestlandet. På bokkvelden vil dei by på smakebitar av både det eine og det andre.

Boka er i stort format og har mye bildestoff.

Roy Høibo er tidlegare direktør ved Ryfylkemuseet og har budd og arbeidd i Ryfylke i over 40 år.
Lise Bjelland er fotograf med sterk tilknyting til Ryfylke og Suldal især, og med bakgrunn i pressefotografering og som frilans fotograf. I Suldal er ho kjent som utgivar av magasinet FRI.

 

Servering av kaker og kaffi.
Pga. smittevern er det få plasser, så det kan vera lurt å vera tidleg ute. Dørene opnar 18.30.

Bli Medlem