Vel stad

Suldal

Bedehuskulturen i Ryfylke

Nesasjøhuset

Startar: 12 feb 2019 | KL 19:00

Sluttar: 12 feb 2019 | KL 20:00

Stad: Nesasjøhuset

Velkommen til foredrag av Tone Aartun

Tone Årtun har jobba med eit bedehusprosjekt i Ryfylke i 2010 og 2011 i regi av Ryfylkemuseet. Idag kjem ho tilbake til museet for å snakka om Bedehuskulturen i Ryfylke. Dette i forbindelse med utstillinga ‘Sjå eg kjem snart’, ei fotoutstilling om bedehusland av Erlend Berge.

Kr. 100, inkl. enkel servering

 

 

Bedehuskulturen i Ryfylke

/foredrag av Tone Årtun

I meir enn 150 år har bedehuskristendommen prega Ryfylke. Meir intenst før enn nå. Særleg i tiåra rundt overgangen til 1900-talet grunna dei store vekkingane som gjekk over regionen då. Det vart trekt tydelege skilje mellom frelste og ufrelste, himmel og helvete. Dette vekte forarging hos nokre, fortviling hos andre og glede hos dei som «kom igjennom» og visste seg frelste.

Foredraget er satt opp i forbindelse med utstillinga Bedehusland på Nesasjøhuset. Bedehusland er ei fotoutstilling av Erlend Berge, som inviterer alle til basar og juletrefest før pastellfargene er dekte av kvitmaling, flanellografen er erstatta av projektor og bedehuset har vorte kafé.

Velkommen til foredrag.

Utstillinga Bedehusland er på Nesasjøhuset på Sand fram til april 2019

Bli Medlem