Vel stad

Suldal

Bedehusland

Nesasjøhuset

Startar: 17 nov 2018 | KL 11

Sluttar: 27 apr 2019 | KL 15:00

Stad: Nesasjøhuset

Velkommen til fotoutstillinga Bedehusland – Erlend Berge

Erlend Berge er fotograf og har gitt ut boka «Sjå, eg kjem snart».

Boka resulterte i ei fotoutstilling.

Vi har fått låna utstillinga som inviterer alle til basar og juletrefest før pastellfargene er dekte av kvitmaling, flanellografen er erstatta av projektor og bedehuset har vorte kafé.

 

 

Kvart år blir fleire titals norske bedehus avvikla. Dei blir til museum, restaurantar og skatehallar. Mange bedehus har allereie stått låste og ute av bruk i fleire tiår. Ei unik norsk kulturhistorie er i ferd med å forsvinne. Bedehusa står igjen som fysiske vitne etter den lågkyrkjelege vekkinga som bølga gjennom Noreg for 100 år sidan. I første halvdel av 1900-talet vart det reist bedehus på dugnad i kvar grend frå Lindesnes til Vardø. I 1974 var det liv i 2.621 bedehus. Nå veit ingen kor mange bedehus det er igjen i landet.

Sommaren 2017 flytta fotograf Erlend Berge inn i bubil for å reise landet rundt med kamera og dokumentere den norske bedehusestetikken.
Fotoboka «Sjå, eg kjem snart» er ei reise gjennom bedehusland frå alle fylka i landet. Boka resulterte i ei fotoutstilling. Vi har fått låna utstillinga som inviterer alle til basar og juletrefest før pastellfargene er dekte av kvitmaling, flanellografen er erstatta av projektor og bedehuset har vorte kafé.

Velkommen til ei utstilling med 20 flotte bilde, pynta på med nokre av gjenstandene frå Ryfylkemuseet sine samlingar. Velkommen til bedehusland!

 

Utstillinga «Bedehusland» er på Nesasjøhuset på Sand fram til april 2019.

 

 

Bli Medlem