Vel stad

Suldal
Tall Ships Races 2018

Open dag på museet

Nesasjøhuset

Startar: 15 aug 2019 | KL 12:00

Sluttar: 15 aug 2019 | KL 15:00

Stad: Nesasjøhuset

Torsdag 15 august kan du bli bedre kjent med Ryfylkemuseet.

Du kan bl.a. treffa nokre av våre handverkere og kanskje du får muligheit til å prøve deg sjølv.

Velkommen til oss på Ryfylkemuseet

Foto: Stiftelsen Engøyholmen Kystkultursenten; bildet er frå Tall Ships Races i Stavanger 2018

Open dag på museet

Jakt etter skattar i arkivet, prøv verktøy på verkstaden, besøk bygdebokskrivaren, opplev utstillingane, prøv deg på gjenstands-Quiz, bli med å lag barneutstilling, høyr eventyret om «Kvitebjørnen», kom om bord på «Brødrene af Sand», smak på spennande internasjonal mat eller kos deg med vaflar…

Torsdag 15.august er det «Open dag» på Ryfylkemuseet, på Nesasjøhuset og i Nybygget i Nordenden på Sand. Bli med på kjekke aktivitetar for små og store heile dagen!

Gratis inngang.

 

PROGRAM:

Heile dagen / kl. 12-15:

  • HANDVERKS-VERKSTAD

Stad: Verkstaden i Nybygget

Prøv verktøy under kyndig rettleiing frå ein museumshandverkar. Kanskje du høvlar deg eit flott høvelspon?

Sjå korleis handverkarane arbeidar og prøv deg sjølv.

 

  • ME LAGAR BarneUtstilling

Stad: Biblioteket i 2.etg på Nesasjøhuset

Me har henta fram eit av museet sine glasmonter og utstillingsmateriell. Nå skal me fylle utstillinga og du kan vera med: Med utgangspunkt i ein dorull, kan du laga din heilt eigne figur til utstilling[1]. Me riggar til arbeidsatelièr i biblioteket i 2.etg.

 

  • GJENSTANDS-QUIZ

Stad: Løland-kafè i 1.etg på Nesasjøhuset

Veit du kva gjenstandar me har henta fram? Bli med i konkurransen og vinn eitt familie-årskort til Ryfylkemuseet.

 

  • MATSERVERING

Stad: Løland-kafè i 1.etg på Nesasjøhuset

Du kan kjøpa mat i museumskafeen. Det blir smaksprøvar på internasjonal mat (i samarbeid med Intro.tenesta) eller du kan nyta vaflar, is og kaffi.

  

  • OMBORD PÅ «BRØDRENE AF SAND»

Stad: På kaien utanfor Nesasjøhuset

Kom ombord på jekta «Brødrene af Sand». Kjell frå Venneforeininga  vil ta imot deg og kan fortelja og visa deg denne flotte båten.

 

  • MUSEUMSBUTIKKEN

Stad: 1.etg. på Nesasjøhuset

Museumsbutikken inneheld mykje flott og er open heile dagen

 

 

Kl.12.30:

  • «SKATTEJAKT» I ARKIVET

Stad: Arkivet i 1.etg. i Nybygget. (Oppmøte i gangen i 1.etg.)

Bli med arkivar, Bernd, inn i arkivet på leit etter spennande «skattar» i samlinga til museet.

 

Kl.13.00:

  • BESØK BYGDEBOKSKRIVAREN

Stad: 2.etg. i Nybygget (første kontor til venstre).

Kl. 13 tek bygdebokskrivar, Ernst, imot små og store på sitt kontor. Sjå og høyr kva spennande saker han arbeidar med.

Lurar du på noko? – Då kan han sikkert eit svar…

 

Kl. 14.00:

  • HØYR EVENTYRET OM «KVITEBJØRNEN»

Stad: «Kvitebjørnen» i 3.etg. på Nesasjøhuset.

Fortellarstund med formidlar, Kjersti. Eventyret er skrive av

suldalsforfattaren, Rasmus Løland.

[1] (Når utstillinga er rigga ned, kan du hente figuren din heim -om du ønskjer).

Bli Medlem