Startar: 10 nov 2023 | KL 19.00
Sluttar: 10 nov 2023 | KL 00:00
Stad: Kulturhuset i Suldal
FOLK PÅ FREDAG – Folkemusikk- og folkedanskavalkade – Kim Rysstad
Kjøp billett på førehand på www.suldal.kulturhus.no
kl 19.00: Dørene og BRUNSJ opnar
kl 20.00: Konsertar: Folkemusikk- og folkedanskavalkade + KIM RYSSTAD
Musikalsk vert: Mark Laurenson.
Etter konsertane: Jam, tull, prat og mat.
Inngang kr 250,-
(Tips 😉 – Kjøp årskort tidleg på året – med inngang på alle fem konsertane for berre 800 kr)
Følg oss på Facebook: www.facebook.com/folkpaafredag
FOLK PÅ FREDAG
FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSKAVALKADE
Denne helga er det Folkemusikk- og dansehelg på Mo Laksegard, der rogalendingar møtest for å læra seg nye triks og ferdigheiter på ulike folkemusikkinstrument og på dansegolvet. I kveld får me sjå og høyra litt kva alle desse folka driv på med. Det blir song, spel og dans! Medverkande: Simon Hesselberg Løvald (dans), Åshild Vetrhus (dans), Alexander Røynstrand (hardingfele), Richard Burgess (song) m.fl
KIM RYSSTAD – Or Setesdal
Kim Rysstad (song), Trym Bjønnes (gitar, song)
Kim Rysstad kjem frå Rysstad i Valle i Setesdal. Sjølv om Kim vaks opp midt i eit av dei sterkaste kjerneområda for folkemusikk i Noreg, skulle det likevel ta lang tid før han utvikla varme kjensler for denne særeigne musikksjangeren. Sidan debutalbumet «Tak hardt uti hand» (2007) har Kim gjeve ut fleire plater i eige namn. Kim har sunge duett med Silje Nergaard og Anne Grete Preus, vore solist med fleire av dei største symfoniorkestera i Noreg, skrive låtar med Trygve Skaug, og arbeidd med m.a. Knut Reiersrud og Tord Gustavsen. Då Kim deltok i Stjernekamp 2019 både sjarmerte og imponerte han heile det norske folket heile vegen til finalen. Kim finn inspirasjon i andre sjangrar og songarar som Whitney Houston og Dolly Parton. Folkemusikken frå Setesdal ligg likevel som ein grunnpilar i alt han gjer, og vinteren 2022 kom albumet og boka «Or Setesdal» ut, til strålande kritikkar og gode omtalar. Kim Rysstad – ei stemme for alle tider!
____________________________________
BRUNSJ held ope og serverer deilig fredagsmat og -drikke.
____________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463.
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
Sesong 2024 er under planlegging!
Første konsert blir 26. jan.
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Brunsj.