Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG

Kulturhuset i Suldal

Startar: 24 mar 2023 | KL 19.00

Sluttar: 24 mar 2023 | KL 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

FOLK PÅ FREDAG – Osatrall + STRENGEPLUKK

Kjøp billettar på www.suldal.kulturhus.no eller i skranken på Suldal Kulturhus for 250 kr per konsert.

(Kjøp årskort med inngang på alle fem konsertane i 2023 for berre 800 kr)

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/folkpaafredag

 

FOLK PÅ FREDAG
er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 19.00
Konsertstart kl 20.00
Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit har han bygd hus med familien på fire. Han jobbar elles som museumshandverkar ved Ryfylkemuseet, og inniblant som lydmann på Kulturhuset. Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

STRENGEPLUKK

Andreas Barsnes Onarheim (mandolin, song), Thorbjørn André Bilstad Olsen (banjo, song), Jakob Folke Ossum (gitar, song), Vidar Starheimsæter (kontrabass, song), Michael Barrett Donovan (fele, song)

Med dialekt, drivande rytmar og gnistrande solospel, tek bluegrassbandet Strengeplukk publikum med storm kor enn dei spelar. Dei starta i Stavanger i 2015 og har sidan den gong blitt lagt merke til i inn- og utland. I 2021 reiste dei på turné med (sjølvaste) Jonas Fjeld og den amerikanske folk-legenda Judy Collins. Strengeplukk byr på noko heilt unikt i norsk samanheng samstundes som dei har eit uttrykk som dei fleste kan lika. Til våren slepper dei det nye albumet “Nålauget” og kjem i høve dette innom Folk på fredag på platesleppturnéen sin. Bandet lovar ein kveld med mykje fint, fart og moro!

 

Osatrall

Ragnhild Tytlandsvik (song), Brita Sofie Moe Nerheim (song), Inger Oline Berge Bakka (song), Ester Marie Bakka (song), Kari Vaage Gjuvsland (song), Klara Holmestad Nerheim (gitar, song), Sissel Berge (trekkspel, song), Birgit Holmestad Steine (trekkspel), Ingrid Roalkvam (bass).

Dei gode damene i Osatrall har sunge saman i snart 40 år. Respekt! Dei har vektlagt lått og løye, og det er jo då ei kan halda saman i lengda, uansett kva forhold ein snakkar om. I to ulike høve har dei menga seg med det mannlege motsvaret sitt; Gullgutane, i større sceniske prosjekt. Det har dei kost seg ekstra godt med. Dei møtest om lag ein gong i månaden for å syngja, og ja, for å le.

 

BRUNSJ held ope og serverer deilig fredagsmat og -drikke.

Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463.

 

__________________________________

 

MEIR FOLK PÅ FREDAG

8. sept: REOLO + Hanna Søraas Vasshus
6. okt: GABRIELS NOVGOROD + Emma Pountney
10. nov: KIM RYSSTAD + Folkemusikk- og folkedanskavalkade

____________________________________

 

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Brunsj.

 

Bli Medlem