Vel stad

Suldal
Folk på fredag Ole Nilssen

FOLK på FREDAG: Raabygg+OleNilssen

Kulturhuset i Suldal

Startar: 16 mar 2018 | KL 20:00

Sluttar: 16 mar 2018 | KL 00:00

Andre datoer:

16 mar 2018 | KL 20:00 - 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

Inngong

Kr 250,-
Førehandssal av billetter på www.suldal.kulturhus.no

 

 

 

FOLK på FREDAG

Ny konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. To artistar og open kafe/bar (Brunsj) + jam og/eller dans mot dei små timar – fem gonger i året.
Musikalsk vert: Mark Laurenson.

kl 1930: Dørene og Brunsj opnar
kl 2000: Konsertar

Open kafe, jam og/eller dans etter konsertane.

__________________________________

OLE NILSSEN:
Ole Nilssen (trekkspel) frå Løten er ein lun og artig ung mann, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Han arbeider som solist, ensemblemusikar, dansespelemann og instruktør både innan dans og spel. Dette året er han aktuell med si første soloplate med slåttespel solo på trekkspel. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten. Samtidig har han utforska det store spennet tradisjonsmusikken frå heimplassen har, og sett den gamle tradisjonsmusikken inn i samtidas kontekst.

 

__________________________________

RAABYGG:
Sigrid Kjetilsdotter Jore (vokal, harpeleik, munnharpe), Johanne Flottorp (hardingele, vokal, perkusjon) og Tuva Færden (hardingfele, lyre, vokal).

Raabygg tek deg i handa og leier deg inn på den mangslungne stien av folkemusikk frå dei indre bygdene i Agder. Det er røft, vart, dansbart og vakkert. Johanne, Tuva og Sigrid har fått møte mange av dei gamle heltane frå indre Agder og slik fått læra slåttar og skrøner over bord med skvalpande kaffikoppar og hekledukar. Kjærleiken er stor for både musikken og historiene som høyrer til, men samstundes er dei ikkje redde for å gå nye vegar i arrangementa sine! Raabygg syns dette er noko av det beste med folkemusikken: Å kunne setje sitt eige avtrykk, samstundes som ein har generasjonar med teft for hits i ryggen.

__________________________________

Neste Folk på fredag:
FREDAG 28.sept: Gro Kjelleberg Solli + Håve & Tove

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.