Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG:Himlaleite+ Gullgutane&Songarlaget

Kulturhuset i Suldal

Startar: 22 mar 2019 | KL 19:00

Sluttar: 22 mar 2019 | KL 00:00

Andre datoer:

22 mar 2019 | KL 20:00 - 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

Førehandssal av billetter på www.suldal.kulturhus.no

Inngang kr 250,-

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd

FOLK PÅ FREDAG
FOLK PÅ FREDAG er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.
Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger.
Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 19.00
Konsertstart kl 20.00

Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit bygger han hus med familien på fire. Han jobbar elles som sjølvstendig snikkar, og som lydmann og altmuligmann på Kulturhuset.  Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

22.mars:

Gullgutane og Songarlaget:

  • Gullgutane er eit mannskor som vart starta på Nesflaten i 1998. Dei har i løpet av åra vakse til eit kor på kring 40, der songarane kjem frå heile dalføret, frå Røldal til Sand. Dei siste åra har dei tatt føre seg Jakob Sande, Evert Taube, Geirr Lystrup, gamle skulesongar og utvandringa til Amerika, med førestillingane «Bautasteinar», «Frå Sjøsala til Suldal» , «Stjerna frå Aust», «Jentene + gutane = sant» og «Farvel du Moder Norge». Veiftar er Nils Bjarne Vold.
    Songarlaget er eit blandakor med solide røter på Sand. Dei er om lag 30 songarar og trivst godt med ulike typar repertoar. Dirigent er Einar Halle, og Jan Gunnar Sørbø akkompagnerer på piano.
    I kveld får me høyra nokre små smakebitar frå kvart av kora, før det brakar laust med konserten der dei begge er gjester.

 

HIMLALEITE:
Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song), Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, harpeleik, song). Gjester: Gullgutane og Songarlaget

Himlaleite er ein nylaga song, med tekst av Kjartan Fløgstad og tone av Gabriel Fliflet. Me høyrer om eit naturens grenseland, eit møte mellom det synlege og usynlege, mellom liv og død, mellom jord og himmel. Songen «Himlaleite» gir namn til denne konserten med nylaga, poetisk musikk av Gabriel Fliflet. Fløgstad står sentralt, men publikum vil også få høyra musikk med tekstar av andre forfattarar. Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og komponist som heile livet har late seg begeistra av folkemusikk, frå Norge og Shetland og Balkan og endå meir. Mange kjenner han frå duoen Fliflet/Hamre som gjesta Folk på fredag i fjor. På Himlaleite har han med seg to av dei fremste folkemusikkutøvarane i landet: Folkesongaren Berit Opheim og dessutan Jorun Marie Kvernberg, kjent m.a. frå folkemusikkgruppene Tindra og Majorstuen.

——————–

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem