Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG: Sørbø+Cissoko&Goetze

Kulturhuset i Suldal

Startar: 13 sep 2019 | KL 19:00

Sluttar: 13 sep 2019 | KL 00:00

Andre datoer:

27 okt 2019 | KL 19:00 - 00:00

18 okt 2019 | KL 19:00 - 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

Førehandssal av billetter på www.suldal.kulturhus.no

Inngang kr 250,-

——————–

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Konsertserien er støtta av Norsk Kulturråd.

FOLK PÅ FREDAG
FOLK PÅ FREDAG er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.
Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger.
Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 19.00
Konsertstart kl 20.00

Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit bygger han hus med familien på fire. Han jobbar elles som sjølvstendig snikkar, og som lydmann og altmuligmann på Kulturhuset.  Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

Jan Gunnar Sørbø
Jan Gunnar Sørbø (piano) er ryfylkingen med to doktorgrader, ein i musikk og ein i medisin. Han vann ungdommens pianomeisterskap då han var 17 år, og har sidan studert i Stavanger, Oslo og Odense. Dette året har han permisjon frå stillinga si ved Norges musikkhøgskole for å vera distriktsmusikar i Suldal. Her øver han frå tidleg morgon kvar dag, underviser komande stjerner i kulturskulen, spelar konsertar med distriktsmusikarane og går på ski. “Jan Gunnar Sørbø is exceptionally gifted, displaying great virtuosity, supreme tone control and a deep, sincere musicality.” Einar Steen-Nøkleberg

CISSOKO & GOETZE
Ablaye Cissoko (kora/vokal) og Volker Goetze (trompet)

Kanskje er lyden av den vest-afrikanske harpa kora ein av verdas vakraste instrument-lydar. Det er i alle fall sikkert at musikken Ablaye Cissoko og Volker Goetze skaper med kora, song og trompet er eksepsjonelt vakker. Som forfedrane sine er Ablaye Cissoko griot – songar, musikar og historieforteljar frå Senegal. Han formidlar med ei inderleg ro og eit uttrykk som passar heilt perfekt saman med Volker Goetze sitt trompetspel; vart, vakkert og med den nerva som blir kravd for at musikk verkeleg skal røra ved ein. Dei har oppnådd internasjonal heider og har dei siste åra turnert verda rundt saman. Nå kjem dei heilt til Suldal!

Bli Medlem