Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG (onsdag): Nils Økland band+Martin N.Haug

Kulturhuset i Suldal

Startar: 21 feb 2018 | KL 20:00

Sluttar: 21 feb 2018 | KL 00:00

Andre datoer:

16 mar 2018 | KL 20:00 - 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

Inngong

Kr 250,-
Årskort kr 800,- (gjeld alle fem konsertar i Folk på fredag-serien)
Førehandssal av billetter på www.suldal.kulturhus.no

 

FOLK PÅ FREDAG (eh… for anledninga onsdag.. beklager dette, ein liten, men viktig, detalj som ein bomma litt på i bookinga):

Splitter ny konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. To artistar og open kafe/bar (Brunsj) + jam og/eller dans mot dei små timar – fem gonger i året. Musikalsk vert: Mark Laurenson.

kl 1930: Dørene og kafe opnar
Kl 2000: Konsertstart
Martin Nygård Haug
– pause-
Nils Økland band
Open kafe, jam og/eller dans

__________________________________

NILS ØKLAND BAND:
Nils Økland (feler), Sigbjørn Apeland (harmonium), Håkon Mørch Stene (perkusjon), Mats Eilertsen (bass).

Nils Økland har vore viktig folke- og jazzmusikar i norsk musikkliv frå starten av 1980-talet. Han har ei lang rekke utgjevingar bak seg, både som medlem av band, men aller mest med eigne prosjekt. Han har vunne pris på pris for musikken sin, samarbeid med svært mange musikarar og turnert store deler av verda. Han er ein musikar som alltid går sine eigne vegar og har skapt eit lydbilete som er

veldig lett å identifisera som hans. Han følgjer hjarta og musikken. Musikarane han har med seg er av samme kaliber.

Med Nils Økland band ga han ut albumet Lysning i 2017. Musikken på Lysning er mykje; original, subtil, på same tid minimalistisk og storslått – men aller mest er han gripande vakker. I samspelet er musikarane på leiting og samtidig intenst til stades. Kritikerne har overgått kvarandre i lovord og seksarane har hagla:

”Disse musikerne styrer uanstrengt mot et felles mål, selv når de improviserer. Målbindene vakkert, terningkast 6”.
Arild R. Andersen, Aftenposten

«Verdens vakreste lydvev?»
Terje Mosnes, Jazz i Norge

Nils Økland band er nominert til Spelemannspris i Open klasse for Lysning. No turnerer dei i regi av Vestnorsk jazzsenter.
___________________________________

MARTIN NYGÅRD HAUG:
Allsidig musikar og komponist frå Suldal, med orgel og gitar som hovudinstrument. Han har komposisjonsutdanning og kyrkjemusikkutdanning frå Norges musikkhøgskole. Sidan 2014 har han jobba som kantor i Suldal. Martin har fått ei stor stjerne i Suldal som initiativtakar, prosjektleiar, arrangør, dirigent og musikar i Pink Floyd-framsyningane på Kulturhuset. For Folk på fredag skal han framføra eit verk av amerikanske Steve Reich – «Electric Counterpoint». Verket er skrive for gitar og bass i tre satsar. Gitaristen må på førehand spela inn 14 gitarstemmer og 2 bassgitarstemmer, for så å spela den siste gitarstemmen live saman med opptaket av seg sjølv!

________________________________

Neste Folk på fredag:
FREDAG 16. mars: Raabygg + Ole Nilssen

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem