Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG

Kulturhuset i Suldal

Startar: 21 feb 2020 | KL 19:00

Sluttar: 21 feb 2020 | KL 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

FOLK PÅ FREDAG

Kjøp billettar på www.suldal.kulturhus.no eller i skranken på kulturhuset for 250 kr per konsert.

Kjøp årskort med inngang på alle fem konsertane i 2020 for berre 800 kr.

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/folkpaafredag

FOLK PÅ FREDAG sesong 3
er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.
Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger.
Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 19.00
Konsertstart kl 20.00
Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit har han bygd hus med familien på fire. Han jobbar elles som museumshandverkar ved Ryfylkemuseet, og inniblant som lydmann på Kulturhuset. Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

Kari Vaage Gjuvsland:
Kari Vaage Gjuvsland kjem frå Vaage ved Suldalsvatnet. Ho er kjend for alle som politikar i sentrale verv, men dei fleste kjenner henne også som ei som syng og alltid har vore glad i å syngja. Kari song mykje med og for bestemor si då ho var lita, og slik ga bestemora henne songgleda i gåve. I vaksen alder lærte ho seg mange lokale songar henta frå m.a. Folkemusikkarkivet for Rogaland på Ryfylkemuseet, og saman med Ruth Anne Moen fekk ho vera med å formidla desse gjennom ulike prosjekt. Kari har ein veslebror som er glad i å syngja, og i kveld blir Arild Vaage med syster si på scena for å fortelja om songane, og for å syngja litt med.

BUEN GARNÅS/RØYNSTRAND:
Per Anders Buen Garnås (hardingfele), Alexander Olavson Røynstrand (hardingfele)
Den eine er yngre enn den andre. Den eine lyg og den andre ler. Den eine er verdas beste på hardingfele det eine året, og den andre er verdas beste på hardingfele det andre året. Her har me skrapa saman noko av det beste verda kan by på når det kjem til vakkert spel på hardingfele. Sjølv om desse to også er verdsmeistrar i tullprat og sleivspark, er det ikkje ein konsertkveld for pyser. Her blir det musikk rett inn til beinet, rett fram og utan innpakning. Per Anders Buen Garnås kjem frå Bø i Telemark og byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har vunne Landskappleiken fire gongar, seinast i 2018. Alexander Røynstrand kjem frå Granvin. Han byrja å spela med Knut Hamre i kulturskulen då han var 7 år gamal. I 2019 vann han Landskappleiken for fyrste gong.

FOLK på FREDAG 2020
24. januar
21. februar
17. april
2. oktober
6. november 

——————–

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem