Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG

Kulturhuset i Suldal

Startar: 5 nov 2021 | KL 20:00

Sluttar: 5 nov 2021 | KL 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

FOLK PÅ FREDAG – Bukkene Bruse + Jubileumskavalkade

Folkemusikk- og dansehelga i Suldal feirar 30-års jubileum, og det skal markerast grundig!
Velkommen til Folk på Fredag på Kulturhuset med jubileumskavalkade og Bukkene Bruse
Dørene opnar 17.30

Billettar: 250,- kan kjøpast på Suldal Kulturhus
For deltakerar på Folkemusikk- og dansehelg på Mo Laksegard er billetten inkludert i den dyraste kurspakken

FOLK PÅ FREDAG
er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 17.30
Konsertstart kl 20.00
Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Bukkene Bruse

Annbjørg Lien (hardingfele, nyckelharpa), Arve Moen Bergset (kveding, fele, hardingfele), Steinar Ofsdal (fløyter)

Den populære og trendsetjande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse vart skipa i 1989. Trioen var m.a. offisielle OL-musikarar under Lillehammer-OL i 1994 og dei reiste rundt med Dronning Sonja si Vinterutstilling til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München. Dei ga ut fem album og har motteke både Spellemannspris og Prøysenpris for musikken sin. Då unge Arve Moen Bergset kom i stemmeskiftet var det sak i Dagsrevyen! Annbjørg Lien er og har vore eit stort førebilete for unge jenter og gutar i folkemusikken. Steinar Ofsdal er ei legende. Starstruck!

____________

Jubileumskavalkade

I 30 år har Suldal vore staden der rogalendingar har møttest for å læra seg nye triks og ferdigheiter på ulike folkemusikkinstrument of i dans. Folk på Fredag er denne helga ein del av ei markering av dette jubiléetog i kveld får me sjå og høyra litt kva slags langtidsverknad dette har hatt. Roy Høibo, tidlegare direktør på Ryfylkemuseet, fortél litt om kurshelga, heilt frå den spede starten – og det blir song, spel og dans

FOLK på FREDAG 2021

– 9. april: Lillebo & Stubsveen + Thomas Tveiten
– 3. sept: Richard Burgess & Foghorn + TBA
– 1. okt:   Perleskum + «Nokre viser og to-tri stubbar om inkvart» med Eskil og Olav Nerheim.
– 5. nov:  Bukkene Bruse + folkemusikalsk jubileumskavalkade

——————–

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet

Bli Medlem