Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG

Kulturhuset i Suldal

Startar: 17 apr 2020 | KL 19:00

Sluttar: 17 apr 2020 | KL 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

FOLK PÅ FREDAG

Kjøp billettar på www.suldal.kulturhus.no eller i skranken på kulturhuset for 250 kr per konsert.

Kjøp årskort med inngang på alle fem konsertane i 2020 for berre 800 kr.

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/folkpaafredag

 

FOLK PÅ FREDAG sesong 3
er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 19.00
Konsertstart kl 20.00
Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit har han bygd hus med familien på fire. Han jobbar elles som museumshandverkar ved Ryfylkemuseet, og inniblant som lydmann på Kulturhuset. Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

Veerle Haug Tieghem
Veerle Haug Tieghem er distriktsmusikar i Suldal, og har vore det i åtte gode år. Ho er utdanna klassisk pianist frå musikkonservatorium i Belgia, men trakterer også trekkspelet, og denne vårkvelden er det dette instrumentet me får høyra. Veerle kjem frå Belgia, men i Suldal er ho heime. Det er heile Suldal glad for!

GJERTRUDS SIGØYNERORKESTER M/ELIAS AKSELSON
Gjertrud Økland
 (fiolin), Georg Reiss (klarinett, tárogató), Tom Karlsrud (trekkspel), Pål Thorstensen (kontrabass), Trond Villa (bratsj), Helene Waage (cello, song), Ernest Bangó (cimbalom), Elias Akselsen (song, gitar).

Gjertruds Sigøynerorkester er kjend som eit fyrverkeri av eit live-band. Sidan 1989 har dei spesialisert seg på aust-europeisk sigøynar­musikk frå Russland, Romania og Ungarn. Gruppa har tileigna seg musikken i direkte møte og samarbeid med musikarar i Budapest. Aust-europeisk sigøynarmusikk er prega av brå skifte, frå sår melankoli til fyrige danserytmar. Denne kvelden får me eit musikalsk møte mellom to slektningar; sigøynaren og tateren. Elias Akselsen er ein musikar med bakgrunn frå dei reisande. Med den klåre og inderlege røysta si er han den fremste representanten for musikken til romanifolket i Noreg. Saman gir Elias Akselsen og Gjertruds Sigøynerorkester publikum sterke framføringar som spenner frå det vare og såre til lidenskap og begeistring!

FOLK på FREDAG 2020

24. januar
21. februar
17. april
2. oktober
6. november 

——————–

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem