Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG

Kulturhuset i Suldal

Startar: 2 okt 2020 | KL 19:00

Sluttar: 2 okt 2020 | KL 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

FOLK PÅ FREDAG

Kjøp billettar på www.suldal.kulturhus.no eller i skranken på kulturhuset for 250 kr per konsert.

Kjøp årskort med inngang på alle fem konsertane i 2020 for berre 800 kr.

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/folkpaafredag

FOLK PÅ FREDAG sesong 3
er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 19.00
Konsertstart kl 20.00
Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit har han bygd hus med familien på fire. Han jobbar elles som museumshandverkar ved Ryfylkemuseet, og inniblant som lydmann på Kulturhuset. Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

NB: Ein kan ikkje koma på konserten dersom ein er sjuk eller har luftvegssymptom.

UGAGN M/KIRSTEN BRÅTEN BERG
Sigrid Berg (song), Kirsten Bråten Berg (song), Erik Sollid (fele, hardingfele, song), Bård Bjørke (gitar).
Ugagn er ein trio som byggjer arrangementa sine på den vokale folkemusikktradisjonen frå Setesdal. Tradisjonen har Sigrid arva frå mor, kvedaren Kirsten Bråten Berg, som har prega den norske folkemusikkscena som få andre dei siste 40 åra. Bård Bjørke lagar arrangement med element frå jazz og flamenco, og saman med den høgt verdsette felespelaren Erik Sollid, har Ugagn laga sin eigen lyd i djup lojalitet til Sigrid sine musikalske røter. Gruppa har gitt ut to kritikarroste album, og er nå på veg inn i det tredje; denne gong i samarbeid med mor Kirsten.

Dans m/ Røldalstrioen
Torkjell Tveiten (hardingfele), Magnus Solbakken (trekkspel), Alfred Leren (gitar, vokal), Erling Rognskog (bass).
Røldalstrioen (som eigentleg er ein kvartett når ein byrjar å telja litt her), spelar hovudsakleg gammaldans, men er også innom litt andre sjangrar. I kveld skal dei med svung og kraft motivera fredagsfolket til å ta seg ein skikkeleg svingom. Kvartetten har medlemmer frå litt ulike plassar. Torkjell kjem frå Tuddal og bur på Nesflaten, Alfred kjem frå Kristiansund og bur i Røldal, Erling kjem frå Surnadal og bur på Sand, medan Magnus er motstraums, for han er røldøl og bur i Røldal. Men til tross for spreidd opphav, kan me stola på at dei held saman i takt og tone. Ta på deg lakkskoa og kom!

FOLK på FREDAG 2020

24. januar
21. februar
17. april
2. oktober
6. november 

——————–

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem