Vel stad

Suldal

FOLK på FREDAG

Kulturhuset i Suldal

Startar: 6 nov 2020 | KL 19:00

Sluttar: 6 nov 2020 | KL 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

FOLK PÅ FREDAG

Kjøp billettar på www.suldal.kulturhus.no eller i skranken på kulturhuset for 250 kr per konsert.

Kjøp årskort med inngang på alle fem konsertane i 2020 for berre 800 kr.

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/folkpaafredag

FOLK PÅ FREDAG
FOLK PÅ FREDAG er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.
Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger.
Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Stad: Kulturhuset i Suldal
Dørene opnar kl 19.00
Konsertstart kl 20.00

Førehandssal av billettar på www.suldal.kulturhus.no

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit bygger han hus med familien på fire. Han jobbar elles som sjølvstendig snikkar, og som lydmann og altmuligmann på Kulturhuset.  Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

Suldalsvatnet Shantykor
Mark Laurenson (forsongar) m/karar
Suldalsvatnet Shantykor ein gjeng mannfolk som tek den eldgamle, verdskjende tradisjonen for shantysong med seg til Suldalsvatnet. Med Mark Laurenson i baugen førebur dei seg til den dagen dei kan ta hyre på Suldalsdampen.

VÄSEN (Sverige)
Olov Johansson (nøkkelharper), Mikael Marin (5-strengs viola), Roger Tallroth (12-strengs gitar)
Olov Johansson og Mikael Marin har spelt saman sidan 1980, då dei var lovande og uvitande tenåringar på veg mot toppen av hierarkiet i den nordiske folkemusikken. På vegen til si endelege form møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstemne på Røros; og Nordens soleklart mest verdskjende folkemusikktrio var eit faktum. Sidan oppstarten for 31 år sidan har dei spelt eit ukjent tal konsertar på alle kontinent og i alle verdsdelar. Dei har begeistra publikum og ikkje minst inspirert andre musikarar over heile verda. Dei har til og med ei gate oppkalla etter seg i USA, Väsen street, i Bloomington, Indiana!

Musikken deira har røter på landsbygda i Uppland og i dei upplandske skogane. Det er hundre år gamal tradisjon som gjennom felles forståing og fingerspiss-kompetanse vert presentert i elegant gjennomarbeidde arrangement. Musikken er intens og full av humor. Alle desse åra med samspel – og framleis den same spelegleda og inspirasjonen.

FOLK på FREDAG 2020

24. januar
21. februar
17. april
2. oktober
6. november 

——————–

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem