Vel stad

Suldal
pressebilde Håve og Tove

FOLK på FREDAG: Gro Kjelleberg Solli+Håve&Tove

Kulturhuset i Suldal

Startar: 28 sep 2018 | KL 20:00

Sluttar: 28 sep 2018 | KL 00:00

Andre datoer:

26 okt 2018 | KL 20:00 - 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

Inngong

Kr 250,-
Førehandssal av billetter på www.suldal.kulturhus.no

 

 

 

FOLK på FREDAG

Ny konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. To artistar og open kafe/bar (Brunsj) + jam og/eller dans mot dei små timar – fem gonger i året.
Musikalsk vert: Mark Laurenson.

kl 1930: Dørene og Brunsj opnar
kl 2000: Konsertar
Open kafe, jam og/eller dans etter konsertane.
__________________________________

HÅVE  & TOVE
Gøril Ramo Håve (langeleik), Tove Solheim (hardingfele)

Gøril Ramo Håve og Tove Solheim startar kvelden med rytmisk samspel + litt overtru. Gøril er busett i Haukeli. Ho arbeider med å tileigna seg langeleikslåttar frå Telemark, ein nesten utdøydd tradisjon. Ho rekonstruerer óg gamle feleslåttar og fører dei tilbake til langeleiken. 2016 – 2018 arbeidde ho på Ryfylkemuseet kor ho vart kjend med Tove. Tove bur på Sand og er oppvaksen på Nærbø. Mange hugsar henne som tidlegare distriktsmusikar i Suldal. I dag arbeider ho i kulturskulen i Suldal, samt som arkivar ved Folkemusikkarkivet for Rogaland. Ho skreiv hovudfagsoppgåve om slåttetradisjonen i Suldal. Få kjenner den lokale tradisjonsmusikken betre enn henne, og i kveld blir det smakebitar frå denne!

__________________________________

GRO KJELLEBERG SOLLI
Gro Kjelleberg Solli (vokal), Øystein Sandbukt (gitar)

Gro Kjelleberg Solli er folkesongar frå Angvik på Nordmøre, busett i Os i Østerdalen. Gro har vunne Landskappleiken to gonger. Våren 2018 kjem ho endeleg med soloplate – «Stien eg fann». Øystein Sandbukt jobbar til dagleg som distriktsmusikar i Møremusikarane, og på Gro si soloplate er han både gitarist og produsent. Alt Gro formidlar framstår som heilt ekte, ingen spor av jåleri, berre song med tusenvis av overtonar og små, fargeleggande trillar. Ho har ei silkemjuk røyst som glid inn i hjarterota di nesten utan at du merkar det.

__________________________________

Neste Folk på fredag:
FREDAG 16.okt: Sudan Dudan + Håvard Ims

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem