Vel stad

Suldal
FOLK på FREDAG, Håvard Ims

FOLK på FREDAG: SudanDudan+HåvardIms

Kulturhuset i Suldal

Startar: 26 okt 2018 | KL 20:00

Sluttar: 26 okt 2018 | KL 00:00

Stad: Kulturhuset i Suldal

Inngong

Kr 250,-
Førehandssal av billetter på www.suldal.kulturhus.no

 

 

 

FOLK på FREDAG

Ny konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. To artistar og open kafe/bar (Brunsj) + jam og/eller dans mot dei små timar – fem gonger i året.
Musikalsk vert: Mark Laurenson.

kl 1930: Dørene og Brunsj opnar
kl 2000: Konsertar

Open kafe, jam og/eller dans etter konsertane.

__________________________________

HÅVARD IMS

Håvard Ims er fleire gonger noregsmeister på toradar og er frå Sandnes. Han har jobba mykje med folkemusikken frå Rogaland, særleg som medlem i folkemusikkbandet Geitungen. Han har vore ein aktiv deltakar i toradarkonkurransar og kappleikar, og blir mykje brukt som dansespelemann, instruktør og dommar. Han er også ein drivande dyktig dansar, og arbeider til dagleg som fastlege på Jæren legesenter. Trygt å vita det er ein lege i salen, om musikken skulle engasjera så hardt at det fører til uføresette hendingar blant fredagsfolket.

__________________________________

SUDAN DUDAN
Anders Røine (vokal, gitar, munnharpe, fele), Marit Karlberg (vokal, langeleik, trøorgel),

Å venta på ny musikk frå denne duoen, er som å lengta heim. No kjem endeleg ”Heimen der ute”. Sudan Dudan finn inspirasjon i andre sjangrar som country og bluegrass, men også i ørkenblues og salmesong. Etter den førre plata, ”Inntil i dag”, var det som om musikk-Noreg endeleg oppdaga dei; dei vart samanlikna med Gillian Welsh og Dave Rawlings, som ein løyndom som hadde traska rundt utan at nokon visste. Gjennom Valdres-fjell og Grorud-dalar via tipi i Telemark har tonane funne nye vegar og gamle stigar, dei søkjer seg heim og søkjer seg ut. Ta i mot dei når dei kjem!

__________________________________

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Bli Medlem