Vel stad

Stavanger
Fuglen logo

FUGLEN

Siddis-Stova

Startar: 13 okt 2018 | KL 19:00

Sluttar: 13 okt 2018 | KL 00

Andre datoer:

1 des 2018 | KL 19:00 - 00:00

Stad: Siddis-Stova

Inngong
Dansefest FUGLEN: kr 100,- (gratis under 18 år)

Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

 

 

 

FUGLEN

FUGLEN er ein stad folk møtest til spel, dans, ein prat og ein matbit. Er du nybegynnar eller garva dansar? Har du berre tatt nokre strøk på fela eller har du lyst til å få større kjennskap til din eigen folkemusikktradisjon? Er du nysgjerrig på kva dette er for noko? Velkomen til alle som vil hiva seg med, uansett motivasjon eller bakgrunn.

Fuglen er klar på ny!

Det er ein myte, det at det ikkje finst folkemusikk frå Rogaland. Musikk- og dansetradisjonen er der. Vakker, vill, intens, melodiøs, rytmisk.

Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet

FUGLEN er støtta av FolkOrg/Dextra Musica, Sandnes Folkedanslag, BUL Stavanger og Rogaland Ungdomslag.
I samarbeid med Bygda dansar Rogaland – Rogalender.

 

I kveld blir det dansefest! Nok ein gong får me mykje god dansemusikk leia av Tuva Færden (hardingfele). Ikkje nøl med å slenga deg med for å spela, her er det plass til alle, uansett bakgrunn og instrument. 

Adresse: Siddis-stova ( Kom Og Dans), lokala til BUL Stavanger, kor ein finn byens beste dansegolv.

Ønskjer du eller laget ditt å spela ei økt, bidra med underhaldning eller til gjennomføring av FUGLEN generelt, er det alltid ope for det. Ta i så fall kontakt med FUGLEN sin eigen vert:

Tuva Færden: e-post tuva.faerden@gmail.com  tlf: +47 452 04 837

 

Bli Medlem