Vel stad

Suldal

Haustferie

Nesasjøhuset

Startar: 8 okt 2022 | KL 11.00

Sluttar: 16 okt 2022 | KL 16.00

Stad: Nesasjøhuset

OPNINGSTIDER

Kvar dag 11.00-16.00

PRIS

Voksne kr. 60
Barn kr. 30
Familie kr. 150
Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet

 

Er du lettskremt? Då råder me deg til ikkje å komma på Ryfylkemuseet i haustferien

Me har ope kvar dag frå 11.00-16.00 på Nesasjøhuset med kreative (og kanskje litt skumle) aktivitetar, besøk hjå Kvitebjørnen og siste sjanse for å sjå utstillinga VØLT.

Torsdag 13. oktober opnar museet dørene att frå klokka 19.00. Uredde eventyrarar og arkeologar kan då lysa seg fram i mørket med ei lommelykt. Det knirkar i golvet, ein edderkopp venter i mørket, ei rive står langs veggen, noko uler og noko rører på seg i utstillinga. Nøst opp i natta sine hemmelegheiter og finn leietrådar som saman blir ein fortelling om kvinner i sort, om river og båtar og tåke og skumle, mørke ting.

Men berre om du tør!

Bli Medlem