Vel stad

Suldal

Eventyrstund

Nesasjøhuset

Startar: 10 okt 2017 | KL 12.00

Sluttar: 14 okt 2017 | KL 13:00

Andre datoer:

11 okt 2017 | KL 12:00 - 13:00

14 okt 2017 | KL 12:00 - 13:00

Stad: Nesasjøhuset

Pris kr 60

Familie kr 150

 

Opningstider i haustferien: kl. 10-16 (laurdag 11-15)

 

Ser i sekk!! Ser i sekk!!

Hei! Har du lyst til å bli med inn i eventyrverda og høyre om då bonden på ein gard her i nærleiken sette kua på stovetaket og sjølv hamna i pipa?

Eller kva med Einar, han som dei og kallar Òskefisen, veslebror til Per og Pål? Han var ein skikkeleg luring. Så har vi trollet som ville gifta seg, men som ikkje stolte heilt på prinsessene?

I Kvitebjørnen på Nesasjøhuset vil du få høyre desse fantastiske historiene frå fylket vårt, kanskje le litt, men og fryse litt nedover ryggen ein gong eller to.

Etterpå kan du kan du kle deg ut, klatre i tårn og bli verande i eventyrverda så lenge du vil.

Kan hende du vil teikne trollet i berget, eller kanskje noko heilt anna? Me set fram teiknesaker.

 

(illustrasjonsfoto)