Vel stad

Kvitsøy

Hummersesong på Kvitsøy

Kvitsøy hummermuseum

Startar: 1 okt 2017 | KL 13:00

Sluttar: 29 okt 2017 | KL 16:00

Stad: Kvitsøy hummermuseum

Opningstider:

Ope i hummarsesongen:
Oktober: søndagar kl. 13.00-16.00
Omvisning for grupper etter forespørsel

PRIS
Kr. 60, barn  kr. 30, familie kr. 150
Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet

I det opne havgapet ved innløpet til Boknafjoren finn du Ryfylkets minste kommune; vèrharde og vakre Kvitsøy.

 I tillegg til gardsdrift var fiske, og særleg hummerfiske, ein vanleg kombinasjon. Slik er det ikkje lenger i dag, så skal du få eit glimt av historia til dette flotte folket på Kvitsøy, anbefalar me å ta turen til øya og stikke innom Hummermuseet.

Her kjem du så tett innpå hummerfiske du kan utan å vera i båt.

Museet syner ikkje berre hummerfiske, men du får og eit innblikk i korleis livet var for familiane.

1. oktober går startskuddet for hummerfiske: det er hummerkultur og Kvitsøykultur!

 Hummermuseet har ope alle søndagar denne månaden.

Den siste helga i oktober, når klokka snur, blir det hummarhelg.

Her blir det feiring av bønder og kulturlandskapspris, familieforestilling, foredrag om hummerfredningsområdet i Sparholmene,  ljosbilder frå arkivet om hummerfiske, kåring av årets hummerbilde, konsert, grautsal i kafeen og god stemning.

Velkommen til hummermuseet i hummersesongen, og til hummerhelg 2017!