Vel stad

Sauda

Startar: 10 nov 2019 | KL 12:00

Sluttar: 10 nov 2019 | KL 15:00

Stad: Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Velkommen til Industriarbeidarmuseet

Inngang

Kr. 60 per person, barn kr. 30,  familie (2 foreldre med sine barn) kr 150

Gratis for medlemmer i Venneforeinginga til Ryfylkemuseet.

 

 

På søndag kan du treffa medlemmer frå Sauda sogelaget på Industriarbeidarmuseet i Sauda.
Vi er kjempeglade for samarbeidet vårt med kunnskapsrike og engajserte folk med interesse for Åbøbyen og industrihistoria i Sauda. Dette åleine er ein god grunn til å ta turen til Industriarbeidarmuseet!

Industriarbeidarmuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebolig.

Desse boligane låg nærmast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken. Halvparten av museet er autentisk innreidde husvære i 1920- og 1960-talsstil.

Den andre halvparten av museet består av utstillinga «Under røyken – livet i Åbøbyen». Utstillinga fortel om korleis livet var for dei industriarbeidarar som jobba på fabrikken, den fortel om fabrikken og om Åbøbyen.

Sogelaget står klar til å svara på dine spørsmål.

Velkomen!

Bli Medlem