Vel stad

Sauda

AVLYST – Ope på Industriarbeidarmuseet

Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Startar: 31 mai 2020 | KL 12:00

Sluttar: 31 mai 2020 | KL 15:00

Stad: Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Velkommen til Industriarbeidarmuseet

Inngang

Kr. 60 per person, familie (2 foreldre med sine barn) kr 150

Gratis for medlemmer i Venneforeinginga til Ryfylkemuseet.

 

På søndag treffer du medlemmer frå Sauda sogelaget. Kunnskapsrike engasjerte folk med interesse for Åbøbyen og industrihistoria i Sauda. Dette åleine er ein god grunn til å ta turen til Industriarbeidarmuseet!

Utstillinga «Under røyken – livet i Åbøbyen» er ope. Utstillinga fortel om korleis livet var for dei industriarbeidarar som jobba på fabrikken, den fortel om fabrikken og om Åbøbyen.

Industriarbeidarmuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebolig.

Desse boligane låg nærmast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken. Halvparten av museet er autentisk innreidde husvære i 1920- og 1960-talsstil.

Sogelaget står klar til å svara på dine spørsmål.

Velkomen! 

Etter besøket til museet kan du ta deg ein tur i Åbøbyen. Sauda sogelaget har satt opp 15 skilt med informasjon.

Du kan også lasta ned vår gratis app Ryfylkemuseet, slik får du guiden på mobilen din.

 

Bli Medlem