Vel stad

Sauda

Byvandring og museumsbesøk

Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Startar: 15 nov 2020 | KL 12:00

Sluttar: 15 nov 2020 | KL 15:00

Stad: Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Bli med på byvandring i Åbøbyen og og avslutt med eit museumsbesøk på Industriarbeidarmuseet.

Oppmøtet på Industriarbeidarmuseet.

Inngang

Kr. 100 per person

 

Bli med Sauda sogelaget på ein guiding gjennom Åbøbyen og ein omvising i Industriarbediarmuseet.

Sauda sogelaget stiller med kunnskapsrike og engasjerte guidar med bakgrunn i og interesse for Åbøbyen og industrihistoria i Sauda. 

Utstillinga «Under røyken – livet i Åbøbyen» er ope. Utstillinga fortel om korleis livet var for dei industriarbeidarar som jobba på fabrikken, den fortel om fabrikken og om Åbøbyen.

Industriarbeidarmuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebolig.

Desse boligane låg nærmast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken. Halvparten av museet er autentisk innreidde husvære i 1920- og 1960-talsstil.

Velkomen! 

Byvandring og omvisning tar ca 2 timer. Museet held ope etter at det er ferdig til kl. 15.

Bli Medlem