Vel stad

Sauda
Die Tanzgeiger

Internasjonal kafé

Sauda Vidaregåande Skule

Startar: 6 sep 2017 | KL 18:00

Sluttar: 6 sep 2017 | KL 21:00

Stad: Sauda Vidaregåande Skule

Ryfylkemuseet inviterer til internasjonal kafé på Sauda videregåande skule.
 
Inngang: kr 50/familiebillett kr 150
Det blir matservering.
 
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd
 
Ryfylkemuseet inviterer til internasjonal kafé på Sauda videregåande skule. Etter gode erfaringar frå i fjor blir det igjen ein flott konsertkveld der ein kan bli kjent med nye folk og smake på god mat.
 Denne gong blir det tyrolerstemning!

 Die Tanzgeiger, som direkte omsett kan bety ”dei dansande felespelarane”, er eit ensemble på sju som kjem frå den austlege delen av Austerrike. Gruppa brukar ein herleg kombinasjon av feler og andre instrument for å framføra folkemusikk frå Austerrike. Musikken deira inspirerer til å løfta på dansefoten; han er kraftig, hjartefølt og akkurat passe livleg, og slik også ei fryd å lytta til.I meir enn tretti år har Die Tanzgeiger eksistert, og i løpet av denne tida har dei opparbeidd eit rikt repertoar av austerriksk folkemusikk. Instrumenteringa og arrangementa har endra seg langs vegen, nye musikarar har komme til, men røtene sine held dei på. Dei har turnert land og strand og blitt inspirert av alt og alle dei har møtt, og dette gjer at dei har utvikla sitt eige uttrykk som er både appellerande og tilgjengeleg for mange. Med eit sunt sprut av sigøynerblod kombinert med eit snev nordisk melankoli, formidlar dei felles røter og fleire kulturar samtidig. Repertoaret består av vokal og instrumental folkemusikk, inkludert jodling.

Alle er hjarteleg velkomne.