Med dei nye nasjonale smittevernråda frå 4.-19. januar, må me avlyse den internasjonale kafeen.
Men alt er ikkje avlyst: same dag som den internasjonale kafeen skulle vore, altså 14. januar, har me ope i museumskafeen frå 12 til 18. Frå 15 til 18 vil me leggje fram ulike språkaktivitetar på borda i kafeen.
I lokalet er det berre plass til 10 gjester, og borda vil bli reservert folk i same husstand. Ein kan førehandsbestille bordplass til kafeen via post@ryfylkemuseet eller ved å ringe 52 79 29 50.
Me sel kaffi og te i kafeen som vanleg.
Velkommen innom! 🙂