Vel stad

Suldal
Viking jul

Jól í Rygjafylkí

Kolbeinstveit

Startar: 9 des 2022 | KL 16.30

Sluttar: 9 des 2022 | KL 18.00

Stad: Kolbeinstveit

Kom alle vikingar! Bli med på eit julaeventyr heilt utanom det vanlege

I løa på Kolbeinstveit

Passar for vikingar frå 5 år og opp

Billettar 100,- per person
Familie 250,- 2 vaksne/2 born

Maks. 30 pers.
For billettar søk opp Ryfylkemuseet i Vipps

Lenge før einebær og varme dufter. Lenge før kjærleiken blei oppfunne og folk sleit rumpa si ut på tronge, harde kyrkjebenkar. Lenge før alt dette, heilt i starten, var det berre mørke, måne og ein blafrande fakkel. Og i tåka svevde eit rykte. Og ryktet var Odin.

Eit anna rykte fortell at Jarl Kolbeinn og volva Þorbjörg har det føre seg å feira midtvintersblòt. Så om du er ein ekte viking og liker klede som klør, lukta av hestelever, røyk i nasen, blodsmak i kjeften og mjød i glaset er det berre å ta turen til Kolbeinstveit den niande desember. Der har dei dyr å slakta, blod å spreia, offergåver, mjød på lager, kvad på hjartet og eit høgt, skjerande julaskrik i brystet.

Noko seier meg og at hemmelege ting venter i mørket og at denne dagen er for dei modige og dei sterke. Fordi ein skikkelse med mørk kappe og stav har luska omkring garden. Og på netter med fullmåne har Jarl Kolbeinn høyrt uling ifrå skogen. Men midtvintersblòt må halde fram, og tradisjonen tro skal alle få bryte og brøle, braute og dra og slite og leike for å finne ut kven som er den sterkaste vikingen.

Så kom alle vikingar! Bli med på eit julaeventyr heilt utanom det vanlege!

Bli Medlem