Vel stad

Suldal

Gjermund Larsen Trio

Nesasjøhuset

Startar: 5 okt 2017 | KL 20

Sluttar: 5 okt 2017 | KL 21:30

Stad: Nesasjøhuset

Gjermund Larsen – fele

Andreas Utnem – trøorgel, tangentar

Sondre Meisfjord – bass

Xenia Berkova (fiolin), Miroslav Potfaj (fiolin) og Veerle Omer Tieghem (piano) varmar opp med eit lite stykke Bach!

 

Konsertarrangør og musikar Gabriel Fliflet skulle ein gong introdusera Gjermund Larsen, og sa: – Han ser ut som Gud og spelar som Jesus. Det skulle sjølvsagt vera omvendt.

Gjermund Larsen spelar audmjukt, med innleving.  Han har det som gjer ein musikar stor. Han gjer det kompliserte forståeleg og det enkle rikt. Mjukt og plastisk, eller rytmisk halsbrekkande, alt blir framført like ledig og liketil. Likevel treff han djupna. Uansett om han spelar tradisjonelt eller eksperimentelt, er han der kor ein musikar skal vera; i kjernen, inne i musikken, slik at musikken når ut og kan gleda oss andre.

Gjermund Larsen vart historias yngste vinnar av A-klassen på Landskappleiken i 2002 og avla Diplomeksamen i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole i 2008. Jamt opptrer han som solist med kor og orkester, og har komponert ei rekkje tingingsverk for ulike norske festivalar. I ein alder av 35 har Gjermund allereie mottatt Spellemannsprisen fem gonger. Det tette samarbeidet hans med Trondheimsolistane har blant anna resultert i ein Grammy-nominasjon for plata In Folk Style.

Gjermund Larsen Trio byr på musikk som er utruleg vakker, rørande, enkel og ærleg. Tida tek på eit vis ein pause når dei tre spelar saman. Andreas Utnem på trøorgel og tangentar, Sondre Meisfjord på bass og Gjermund Larsen sjølv på fele, har sidan starten i 2006 blitt stadig meir samspelte. Til saman har dei brei musikalsk bakgrunn og formidlar musikk som elegant og smakfullt rører seg i eit landskap av folkemusikk, jazz, pop, samtidsmusikk og barokk. Deira unike musikalske univers har gitt nasjonalt og internasjonalt gehør og resultert i Grappas Debutantpris, Spellemannspris m.m.

Andreas Utnem –er ein ettertrakta pianist og teaterkomponist, til dagleg arbeider han som musikar i Kirkens Bymisjon i Oslo. Har gitt ut ei rekkje plater, blant andre med Trygve Seim (ECM), Ole Paus, Bjørn Klakegg og Andreas Bræin Hovig.

Sondre Meisfjord er ein allsidig bassist som spelar like solid uansett sjanger. Han har bakgrunn frå jazzlinja i Trondheim og spelar elles med Kari Bremnes, Come Shine, Flukt, Musharing, The Zetting, Siri Gjære band og Trondheim Jazzorkester med Pat Metheny. Sondre Meisfjord er ein av landets beste og mest ettertrakta bassistar.

Gled deg til ein god time der tida står stille!

Inngang kr 250,-
Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet
Konserten er støtta av Norsk kulturråd og Suldal kommune