Vel stad

Suldal

Konsert: Hilde Selvikvåg

Litunet

Startar: 12 okt 2019 | KL 14:00

Sluttar: 13 okt 2019 | KL 16:00

Stad: Litunet

På Litunet får du oppleve noko utenom det vanlige.
I oktober er du velkommen til konsert på Li.

Laurdag 12. oktober kl. 14.00
Søndag 13. oktober kl. 14.00

PRIS
Konsert og kaffi/vaffel: kr. 275,-
Kjøp billett på førehand i museumsbutikken på Nesasjøhuset eller via Vipps  (#135791, velg meny og velg billett).  Merk at det er eit begrenset antall billetter

 

Hilde Selvikvåg

Den 13. oktober held Hilde Selvikvåg konsert på Litunet. Hilde Selvikvåg frå Jæren har på kort tid oppnådd stor suksess med spellemannsominasjon av debutalbumet og fleire store radiohits på løpande band. Med sine fengande poplåtar som «Karusell», «Indie» og «Anemone» har ho snike seg inn i mange hjerter og blitt ein av dei mest spelte artistane på norsk radio.For tida er ho aktuell med sitt andre album «Fanga heile verden», og er i den anledning ute på ein landsdekkande turné der ho skal halde konsert på unike og særeigne stadar i Noreg, som ho alltid har drøymt om å spele på. På lista over desse høgt ønska konsertstadane stod Suldal og Litunet.
Sundag den 13. oktober kjem ho til oss for å spela ein akustisk intimkonsert, berre med ho og pianoet. Ektefølt og nært formidlar ho tekstane sine på klingande jærdialekt, slik berre ho kan, og framkallar latter så vel som tårer med ein varme og eit nærvær av dei sjeldne.Med dei historiske bygningane på Li og den vakre utsikta over Suldal og Hylsfjorden som bakteppe, blir dette ein helt unik kombinasjon.
Velkommen til ei magisk konsertoppleving!
 
Det er begrenset med billettar per forestilling.
Etter konserten kan du forsyne deg med ein kaffikopp og ein vaffel (inkludert i prisen).
Vi oppfordrar alle til å fylle opp bilen i og med at det er begrenset med parkeringsplasser på Li.
Bli Medlem