Startar: 15 des 2022 | KL 1800
Andre datoer:
6 okt 2022 | KL 1800 - 2000
10 nov 2022 | KL 1800 - 2000
15 des 2022 | KL 1800 - 2000
Stad: Nesasjøhuset
Arrangementet er gratis.
Alle er velkomne!
MUSIKK – DRAMA – KUNST
Tre gonger denne hausten vil Ryfylkemuseet og Kulturskulen invitera til ein kulturkafé for alle. Om du er liten, stor, rød eller grå kan du komme innom for eit musikalsk, dramatisk eller kunstnarisk innslag frå kulturskulen mens du nyt ein kopp rykande kaffi eller te.
Når kulturskulen legg frå seg instrumenta held museet mikrofonen open og dei som vil kan syngja, spela eller framføra noko av eige ønske. Om ein ikkje vil fram kan ein sosialisera, mingla og snakka og kanskje ta inn utsikten over fjorden, lyden av slåande vatn under sjøhuset, eller berre gå hausten i møte med nokon du er glad i.
Dette er eit lågterskel tilbod, heilt gratis, kor folk av alle aldrar, identitetar og nasjonalitetar er ynskja og velkomne.
Kulturkafé for alle! er eit samarbeid mellom Suldal Kulturskule og Ryfylkemuseet.