Vel stad

Suldal

Kurs i restaurering av vindauge

Nesasjøhuset

Startar: 12 jan 2024 | KL 09:30

Sluttar: 13 jan 2024 | KL 16:00

Stad: Nesasjøhuset

Målgruppe
Huseigarar, handverkarar og andre interesserte.

Tid og stad
Sand, Suldal
12. januar – 13. januar kl. 09:30 – 16:00

Pris og betaling
2 500,- inkludert lunsj, kaffi/te og forbruksvarer som linoljekitt, kritt, stifter samt trevirke.

Påmelding og spørsmål
Påmelding innan 31. desember til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post.

Har du eit gamalt vinduage som treng vøling? Då er dette kurset for deg. Me går gjennom korleis ein går fram for å vøle eldre vindauge av tre med kittfals. Handverkarane på Ryfylkemuseet viser fram sine beste triks for å få gode resultat. Det blir også ei kort innføring i stilhistorie. Etter kurset skal du sjølv kunne restaurere eigne vindauge. Deltakarar må sjølv ta med varme arbeidsklede og støvmaske, samt stemjern og skraper dersom du har. Ta gjerne med ditt eige vindauge til kurset. Har du ikkje dette, så kan du jobbe på nokre av vindauga me har på lager.

Hugs å gi beskjed om eventuelle allergiar eller andre omsyn mtp. matservering. Sei også i frå om du treng eit vindauge å jobbe på.

Kurset blir gjennomført på Sand. Nærare beskjed om kurslokale blir gitt til deltakarane.

Bli Medlem