Vel stad

Sauda

Kurs i tørrmuring

Svandalsfossen

Startar: 29 aug 2022 | KL 09:00

Sluttar: 2 sep 2022 | KL 15:00

Stad: Svandalsfossen

Ryfylkemuseet inviterer til praktiske kurs i tørrmuring hausten 2022

Kursstad: Svandalsfossen
Arbeidstid: 09.00 til 15.00
Kurs: 5 dagar, tre veker å velje i, oppstart 29. august, 5. eller 12. september

For ei kursveke på fem dagar har me ei kursavgift per deltakar på kr. 3000,-
50% for lærlingar, som vil inkludera lunsj, kaffi og kaffimat for alle dagar

Program

Ryfylkemuseet (RF) har i ei årrekke levert bygningsantikvariske råd til private og kommunar i Ryfylke, noko som i dag vert organisert gjennom Ryfylke bygningsvernsenteret (BVS).

Kurs i tørrmuring er eit tilbod som spring ut av Ryfylkemuseet si satsinga på tradisjonshandverk. Statens vegvesen samarbeider gjennom Nasjonale Turistveger med museet om å restaurere grunnmurane etter oppgangssaga ved Svandalsfossen i Sauda kommune. Sjølve saga er for lengst borte, men grunnmuren står att. Delar har rast ned, og den skal settast i stand.

Tørrmurar Arne Frode Lilleås vil lede arbeidet og er fagleg ansvarleg for kurset. Lilleås har lang erfaring med opplæring, kursing og muring, som til dømes murararbeid ved Almannajuvet i Sauda kommune.

Me opnar opp for at seks kursdeltakarar kan arbeide saman med våre tradisjonshandverkarane i muringa kvar veke. Kursprogrammet vil gje deltakarane konkrete døme på utfordringar ein vil møte på som tørrmurar.

Påmelding
Første kurs måndag 29.08 til 22.09, har påmeldingsfrist innan måndag 22.08.

Andre kurs måndag 05.09 til 09.09, har påmeldingsfrist innan måndag 29.08.

Tredje kurs måndag 12.09 til 16.09, har påmeldingsfrist innan måndag 05.09.

Kurset i tørrmuring er i utgangspunktet eit tilbod til handverkarar i Rogaland, med særskilt fokus på kommunane i Ryfylke. Me vil sette opp ventelister og vil også opne opp for andre deltakarar dersom det er ledig plassar.

For ei kursveke på fem dagar har me ei kursavgift per deltakar på kr. 3000,- 50% for lærlingar, som vil inkludera lunsj, kaffi og kaffimat for alle dagar.

Påmeldinga sendast på e-post til bygningsvernrådgjevar ved Ryfylke bygningsvernsenter lise.johnsen@ryfylkemuseet.no. Gje oss beskjed om allergiar eller behov for tilpassa meny.

Praktiske opplysningar

Kurset finn stad ved Svandalsfossen med oppmøte frå kl. 08:45 og oppstart kl. 09:00 og lunsj kl.11:00.

Deltakarane må ha med seg personleg verneutstyr som arbeidskler- og fottøy med verne-tå, vernehanskar, vernebriller, høyrselsvern og hjelm.

For meir informasjon om Svandalsfossen og dei nasjonale turistvegane sjå her: https://www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/ryfylke/svandalsfossen/

Foto: Murane til saga ved Svandalsfossen, Rogaland vegkontor, 1984 (svart/hvitt) og Statens vegvesen, 2021 (fargar).

Bli Medlem