Vel stad

Suldal

Førjulskos

Nesasjøhuset

Startar: 4 des 2021 | KL 10:00

Sluttar: 4 des 2021 | KL 15:00

Stad: Nesasjøhuset

Kvitebjørnen inviterer til

Førjulskos

laurdag 4. desember 10-15

 

Gratis for barn i følge med betalande vaksen

Bill vaksen 100,-

Velkommen til stemningsfull førjulskos i eit julepynta Nesasjøhus

Program for dagen

Kl 10 opnar me juleverkstaden der ein kan lage seg fin julepynt av gjenbruksmaterialer og juleverkstaden er open heilt til kl 15

Kl 11 Julefortelling med Anne Elisebeth Skogen

Kl 12 serverer nissen julegraut og kanskje finn du mandelen? Marsipangris til den som finn

Kl 14 skal me leite etter Kvitebjørnen og den som finn Kvitebjørnen får ein fiiin premie

 

Me gler oss til å sjå deg

Kvitebjørnenklubben er ein klubb for barn og når du er medlem der er du den første som får melding og mogelegheit for å melde deg på arrangementer. Som medlem får du og eit Kvitebjørnenmuseumspass der du kan samle klipp og når du har samle tre klipp kan du ta med heile familien gratis i Kvitebjørnen utstillinga på Sand

Forteljinga om Kvitebjørnen er skriven av den lokale forfattaren Rasmus Løland

I utstillinga møter du ei iscenesett eventyrverd der barna kan sjå og lytte, kle seg ut og gå inn i ulike eventyrroller. Dette blir garantert ei fin oppleving for store og små

Her kan du lesa meir om Kvitebjørnen

 

Bli Medlem