Vel stad

Suldal

Høgtlesing Pølsetjuven

Nesasjøhuset

Startar: 26 jan 2020 | KL 12:00

Sluttar: 26 jan 2020 | KL 12:30

Stad: Nesasjøhuset

Høgtlesing i Kvitebjørnen utstillinga

3.etg på Nesasjøhuset (i utstillinga «Kvitebjørnen»)

Vi held ope frå kl. 11-15

Høgtlesing Pølsetjuven

3.etg på Nesasjøhuset (i utstillinga «Kvitebjørnen»)

 

Høgtlesing frå boka Pølsetjuven med biblioteksjef i Suldal, Anne Mo.

I høve Nasjonal høgtlesingsveke får me besøk frå Anne Mo, som skal lesa frå boka Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal.

Om boka: Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Ein dag må han stele frå vennen sin, Pølse-Per.

Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er – og om å tore å leve slik ein ønskjer.

Boka kom ut i 2019, og har fått svært gode bokmeldingar.

Dersom det er tid, og interesse for det, les ho gjerne også frå Korleis bli kvitt ei veslesøster av Veronica Erstad.

Om boka: Ei søt og morosam historie om å bli storesøster – når det du eigentleg ynskjer deg, er ei storesøster.

Aldersgruppe: ca 3-9 år.

Gratis inngang

Bli Medlem