Vel stad

Suldal

Startar: 4 jun 2021 | KL 12:00

Sluttar: 31 des 2021 | KL 18:00

Stad: Nesasjøhuset

Vølt 

Bli med oss på ei ferd gjennom vølingstradisjonen, og utforsk korleis øydelagde ting vart haldne ved like, fiksa og gitte nytt liv i prosessen

Kom og sjå utstillinga «Vølt»

Vølt

Har du nokon gong lurt på kva som skjer når ting blir øydelagde – og kvifor?
Kvifor er det slik at å øydeleggje visse ting gjer deg trist eller til og med sint, men andre ting ikkje?

Kvifor er enkelte ting verde a reparere, mens andre blir kasta og gløymde? Bli med oss på ei ferd gjennom vølingstradisjonen, og utforsk korleis øydelagde ting vart haldne ved like, fiksa og gitte nytt liv i prosessen. Dei siste åra har det stadig vorte klarare at levesettet vårt ikkje er berekraftig. Klimaendringar, overforbruk og forsøpling truar eksistensen vår.

Det å vøla det øydelagte har igjen blitt naudsynt. Motivasjonen i dag er annleis enn for våre  forfedre, men vi kan lære mykje av deira kreativitet, handverk og verdsetting av det øydelagte.

 

Produsert av: Marie Bønløkke Missuno, Arp Schmidt, Siri Jensen, Tord Kjerstad og Elisabeth Figenschou/Ryfylkemuseet

Bli Medlem