Vel stad

Suldal

Menneske og språk på vandring

Nesasjøhuset

Startar: 29 sep 2019 | KL 11:00

Sluttar: 1 mai 2020 | KL 15:00

Stad: Nesasjøhuset

Utstillinga «Menneske og språk på vandring» kan sjåast på Ryfylkemuseet 29.september – våren 2020.

 

 

Utstillinga «Menneske og språk på vandring» kan sjåast på Ryfylkemuseet 29.september – våren 2020.

I utstillinga møter vi menneske som har flytta til Noreg av ulike grunnar: Det kan vera krig i heimlandet, eller kjærleik som har ført dei hit. Med seg i bagasjen har dei nokon av dei mange språka som finnes i verda. For oss er det framande, spennande og eksotiske språk. Det er språk som skrivast med nydelege, sirlege skrifteiken. Språk som vert skrive frå høgre til venstre. Språk med for oss, umoglege klikkelydar. Språk med ulike tonefall og melodi.

Felles for alle som har flytta hit til Noreg, er at dei skal læra seg det norske språket: nynorsk, bokmål og i tillegg alle dialektane. Ein skal lære at «vondt», «låkt», «ilt» og «ondt» betyr det same, men at «legen» og «leggen» er to heilt forskjellige saker.

Korleis er det å komme til eit nytt land og måtte lære seg eit nytt språk?

Kva skjer med morsmålet når ein ikkje lenger har mulegheit til å bruke det på same måte som før?

I utstillinga møter vi ulike menneske som fortel kva morsmålet betyr for dei. Dei fortel kor viktig morsmålet er for identiteten, for kven ein er som menneske. Morsmålet har stor betydning for å kunne halde kontakt med slekt og venner, for å kunne kommunisere innad i familien med barna sine, for å kunne snakke om kjensler og kunne uttrykke seg presist. Kva skjer eigentleg når menneske på vandring mistar moglegheita til å bruke morsmålet sitt på same måten som tidlegare og må tilpasse seg ein heilt ny språkleg kvardag? Kor bra fungerer undervisnings i norsk for utlendingar, og kva skal til for å lukkast med det? Dette er nokon av spørsmåla som utstillinga løftar opp.

Utstillinga «Menneske og språk på vandring» går rett inn i vår tid og den store flyktningekrisa verda opplever i dag. I kjølvatnet av denne massive folkevandringa kjem også spørsmåla om identitet og kultur. Språket, ein av dei viktigaste brikkene i nettopp identiteten vår, blir dessverre lite tematisert i denne samanhengen. Å lære seg ein nytt språk krev stor innsats. Men det krev også innsats å halde vedlike morsmålet sitt.

Utstillinga er produsert av «Ivar Aasen-tunet». Men Ryfylkemuseet har, i samarbeid med Introsenteret i Suldal kommune, gitt utstillinga eit lokalt bidrag og supplement. Heile utstillinga vil bli opna med eit arrangement 11.oktober. I perioden utstillinga står på Ryfylkemuseet vil det bli stelt i stand ulike arrangement som tar utganspunkt i tematikken i utstillinga.

Bli Medlem