Startar: 12 okt 2023 | KL 19.00 - 21.00
Stad: Nesasjøhuset
Ta med mot og lommelykt.
Arrangementet er gratis!
Me gjentek suksessen frå 2022
Uredde eventyrarar og arkeologar kan då lysa seg fram i mørket med ei lommelykt. Det knirkar i golvet, ein edderkopp venter i mørket, ei rive står langs veggen, noko uler og noko rører på seg i utstillinga. Nøst opp i natta sine hemmelegheiter og finn leietrådar som saman blir ein fortelling om kvinner i sort, om river og båtar og tåke og skumle, mørke ting.
Men berre om du tør!