Vel stad

Sauda

Startar: 30 nov 2017 | KL 18.00

Sluttar: 30 nov 2017 | KL 19.00

Stad: Jonegarden på Hustveit

Pris kr. 80,- per.pers. (inkl. kaffe/varm saft og kakemann)

Barn under 2 år gratis (fødd 2016-2017)

Kjøp billett i døra eller på førehand via Vipps

Slik kjøper du billett via Vipps:

Søk opp «Ryfylkemuseet»

Gå inn på «Meny»

Velg ditt arrangement og fullfør kjøpet

 

 

 

Velkommen til nissekveld på Jonegarden!

Med mange museumsgardar rundt om, har også Ryfylkemuseet ansvar for mange nissar! På Jonegarden er det mange av dei, både husnissar og fjosnissar – og mus. For nissar og mus leikar godt i hop. Og dei har noko til felles: alle likar dei å gøyme seg når det kjem folk på garden.  Kanskje greier de å finne dei att..? Gardskona vil fortelje nokre historier om desse skapningane og korleis joleskikkane var før i tida.

Gardsnissen på Hustveit er innmari glad i graut. Problemet er berre at han er så sky. Men gardskona kjenner han  godt og veit korleis ho skal få lokka han fram, men ho treng hjelp av dykk. Bli med og set ut graut og øl til gardsnissen.

Kos dykk med varm drikke og førjolsbakst (kakemann) og kom i jolestemning saman med oss på Jonegarden denne førjolskvelden.

Hugs å kle dykk godt!

PS! Parker bilane på parkeringsplassen nedanfor garden og følg lyset frå faklane som viser veg opp til løa. Ein bør rekne mellom 5-10 minutt på denne strekninga.