Vel stad

Suldal

NISSEKVELD

Kolbeinstveit

Startar: 29 nov 2017 | KL 16.00

Sluttar: 29 nov 2017 | KL 20.00

Stad: Kolbeinstveit

Kl. 16.00-17.30 for dei minste (graut + progr)
Kl. 18.30-20.00 for dei litt større (progr + graut)

Pris kr 130,- (inkl  graut, saft/kaffe)

Barn under 2 år gratis (fødd 2016-2017)

Kjøp billett på førehand i museumsbutikken på Nesasjøhuset eller via Vipps

Slik kjøper du billett via Vipps:

Søk opp «Ryfylkemuseet» + Gå inn på «Meny» + Velg ditt arrangement og fullfør kjøpet

 

 

 

 

Velkommen til nissekveld på Kolbeinstveit!

Med mange museumsgardar rundt om, har også Ryfylkemuseet ansvar for mange nissar! Både husnissar, fjosnissar og leikekameratane deira, musene, treng litt ekstra oppfylging rundt joletider. Tross alt er det jo dei som passar på garden og dyra. På løa sit sjølvaste oppsynsmannen, gardsnissen.

Inne i stova på Kolbeinstveit står gardskona klar og vil fortelje litt om korleis skikkane har vore rundt om på gardane ved joletider. Kanskje har ho nokre artige historier om nissar og mus og? Med seg har ho Einar Olsen på gitar.

På kjøkkenet står saft og god risengrynsgraut klar til alle – og kaffe til den som ynskjer det.

Til slutt går me ut med graut og øl til gardsnissen – om han tør koma fram. Han er nemleg litt sky. Gardskona kjenner han godt og veit korleis ho skal få lokka han fram, men ho treng hjelp av dykk.

OBS! Hugs å kle dykk godt.