Vel stad

Hjelmeland
RFF2015-178-009

Nissekveld: Jul i Viga

Viga

Startar: 29 nov 2016 | KL 18

Stad: Viga

Velkommen til Nissekveld: Jul i Viga

Kle dykk til å vera ute!

Ta på deg nisselua og bli med på ein stemningsfull førjulstradisjon!

Inngang kr. 60,-

Arr.: Ryfylkemuseet ism Hjelmeland Ungdomsteater

Velkommen til «Nissekveld: Jul i Viga»
Vigatunet, Hjelmeland 

I år blir det ein splitter ny nissekveld i regi av Hjelmeland ungdomsteater! Få med deg premieren på den spennande juleforteljinga om byfamilien som kvart år kjem til Viga for å feire jul, og om fjøsnissane og stabbursmusa som bur på garden, men som saknar fastbuande. Den grinete tante Ulla som seier ho ikkje likar jula kjem på besøk. Det same gjer den snille nabokona Gurina som fortel historiar om korleis det ein gong var i Viga. Det blir allsong og koseleg julestemning i løa.

Servering av varm drikke og julebakst.

Kle dykk til å vera ute!
Ta på deg nisselua og bli med på ein stemningsfull førjulstradisjon!

Inngang kr. 60,- 
Nissekvelden er eit samarbeid med Hjelmeland Ungdomsteater.

Det er få parkeringsplassar i Viga derfor oppmodar vi alle til å samkjøra mest mogleg eller parkera ved busslomma i Randøykrossen og spasera opp til Viga. (Hugs refleksvest om du skal spasera opp).

 

Bli Medlem