Vel stad

Suldal

Nissekveld

Nesasjøhuset

Startar: 5 des 2018 | KL 18:00

Sluttar: 12 des 2018 | KL 20:00

Stad: Nesasjøhuset

Velkommen til våre stemningsfulle førjulskveldar på fleire av våre museumsgardar.

Jul i Viga, Nissekveld på Jonegarden på Hustveit,  Nissekveld på Kolbeinstveit og Nissekveld på storgarden Håland.

Kjøp billett på førehand via Vipps (#135791, velg meny og velg billett til rett plass og tidspunkt). 

 

 

Velkommen til nissekveld på fleire av våre museumstun!

Kom og høyr historia om musa som bur på garden og om den sjenerte fjosnissen. Kanskje vi klarer å lokke fjosnissen fram frå gøymestaden? Vi veit at nissen er glad i allsong og graut!

Ta på deg nisselua og bli med på ein stemningsfull førjulstradisjon!

OBS! Kle dykk til å vera ute!

Kjøp gjerne billett på førehand via Vipps (#135791, velg meny og velg billett til rett plass og tidspunkt)!

 

  • Vigatunet i Hjelmeland

Onsdag 5. desember, Jul i Viga i samarbeid med Hjelmeland Teater.
Vi kjørar to opplegg: kl. 18.00 og kl. 19.30
Pris kr 100,- (inkl. varm saft og kakemann)

 

  • Jonegarden på Hustveit i Sauda

Torsdag 6. desember, kl. 18.00: Nissekveld på Jonegarden på Hustveit
Parker bilane på parkeringsplassen nedanfor garden, og følg lyset frå faklane som viser veg opp til løa (ca 5/10 minutt å gå).
Pris kr 80,- (inkl. varm saft og kakemann)

 

  • Håland i Erfjord i Suldal

Tysdag 11. desember, kl. 18.00: Nissekveld på Håland
Pris kr 80,- (inkl. varm saft og kakemann)
Begrenset med plass: kjøp billett på førehand via Vipps (#135791)

 

  • Kolbeinstveit på Suldalsosen i Suldal

Onsdag 12. desember: Nissekveld på Kolbeinstveit
kl. 16.00-17.30 for dei minste
Kl. 18.30- 20.00 for dei litt større
Pris kr 130,- (inkl  graut, saft/kaffi)
Begrenset med plass: kjøp billett på førehand via Vipps (#135791)

Bli Medlem