Startar: 29 jul 2023 | KL 12:00
Sluttar: 29 jul 2023 | KL 20:30
Stad: Kolbeinstveit
Velkommen til Olsokmarknad og konsert på Kolbeinstveit!
Velkommen til ein triveleg dag og kveld!
Velkommen til Olsokmarknad og konsert på Kolbeinstveit!
Laurdag 29. juli
Klokka 12-16 inviterer me til marknadsdag! Folk frå og rundt Suldal vil vera på plass med sine produkt og vertane er klare til å visa fram garden. Gratis inngang
Klokka 19:00 vert det konsert med Line og Reidar Sand. Det vert folkemusikk og viser, og moglegheit til å syngja med. Billettpris: 100 kr pr pers
Sal av vaflar, suldalsbete, kaffi og saft
Hjarteleg velkommen
Søskenparet Line og Reidar Sand er oppvaksne på Sand og har si første musikalske opplæring frå kulturskulen og folkemusikkmiljøet i Suldal. Dei er i midten av 20-åra og no studerer dei begge utanbygds. Røtene til heimstaden er likevel sterke, og dei er glade for å komma heim og ha ein sommar til som vertskap på Kolbeinstveit.
I fjor børsta dei støv av tradisjonen med Olsok-konsert som hadde lege nede i mange år. Publikum sette pris på det, så dermed blir det ny konsert i år. Også dette året er det folkemusikk og viser publikum får høyra. Reidar vil syngja og spela nokre av dei nye visene han har skrive siste året, mens resten av repertoaret vil vera av mykje eldre dato; somme fleire hundre år gamle.
Mange av songane vil nok vera kjende for folk, og det er høve til å syngja med på somme for dei som vil.