Vel stad

Suldal

Pride for dummies

Nesasjøhuset

Startar: 26 jun 2020 | KL 12:00

Sluttar: 30 sep 2020 | KL 15:00

Stad: Nesasjøhuset

Ei nettustilling om pride og den skeive rørsla si historie.

Utstillinga fins også i fysisk form utanfor Nesasjøhuset frå 26/6 til 6/7. Den kjem opp igjen under Suldal pride 2020.

 

Regnbogeflagget

Regnbogeflagget er eit av dei mest kjende symbola for LHBTI rørsla. Flagget vart laga i San Fransisco av Gilbert Baker i 1978, og blei rekna som eit symbol på skeiv stoltheit frå byrjinga av.

Flagget hadde opphavleg fleire fargar, men det er versjonen med 6 fargar som er vanlegast i dag. Dei originale fargane rosa, raudt, oransje, gult, grøn, turkis, indigo og fiolett symboliserte høvesvis seksualitet, liv, sunnheit, sola, naturen, kunst, harmoni og ånd.

Nyttige lenker:

Om regnbogeflagget på snl.no

 

Philadelphia-flagget

Dette flagget oppstod i 2017, då byen Philadelphia la til svart og brun i
regnbogeflagget. Bakgrunnen var mellom anna at folk med mørk hudfarge opplevde rasistisk diskriminering i byen sine skeive
utestader.

Flagget er blitt eit symbol mot rasisme i LHBTI miljøet, og er rekna som ein variant av regnbogeflagget. Det er mykje brukt under Black lives matter protestane i år.

Nyttige lenker:

Skeiv verden

Salam

Helseutvalget skriv om flagget

Biflagget

Bifil betyr tiltrekking til folk av same kjønn og folk av annleis kjønn. Nokre brukar ordet panfil, som betyr tiltrekking til alle kjønn.

I Biflagget frå 1998 symboliserer rosafargen same kjønn, blåfargen annleis kjønn og lillafargen korleis bifile beveger seg mellom desse.

Det er ei vanleg misoppfatning at bifile vel å vera heterofile eller homofile avhengig av kjønnet til partnaren. Bifile er fortsatt bifile uavhengig av kven dei er saman med.

Nyttige lenker:

Ressursside frå biaktivisten Robyn Ochs

Transflagget

Transpersonar er eit paraplyomgrep for personar som identifiserer seg som eit anna kjønn enn det dei fekk tildelt ved fødselen.

Transflagget vart laga av transkvinna Monica Helms i 1999. Rosa symboliserer jenter, blå gutar , og det kvite er for dei som er interkjønn , er i gong med kjønnsbekreftande behandling, eller som ikkje vil definera seg i kjønnskategoriar.

Nyttige lenker:

Om transpersonar på snl.no

Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens (omgrepsavklaringar)

Kjønnsportal

Paragraf 213

Tidlegare var det straffbart med seksuelle forhold mellom menn. §213 frå 1902, var loven som regulerte dette, og straffa var fengsel i inntil eitt år. Det var lovar mot likekjønna seksualitet før dette også, faktisk heilt tilbake til 1100 talet.

Då lova vart oppheva i 1972 var dette den viktigaste sigeren for skeive sine rettar til då.

Nyttige lenker:

Om paragrafen på Skeivt arkiv

Om avkriminalisering på uio.no

Diskrimineringsvern

Lesbiske, homofile og bifile er beskytta av dagens straffelov om hatefulle ytringar, hatkriminalitet og diskriminering.

Transpersonar er ikkje med i lova. Eit nytt lovforslag om å inkludera ein persons kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, kan endre dette. Lova skal behandlast i Stortinget til hausten . Ei lovendring vil gi politiet eit betre verktøy i arbeidet mot hatkriminalitet.

Nyttige lenker:

Lovforslaget

Regjeringa sin handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnuttrykk 

Stonewall-opprøret

28. juni 1969 utførte politiet ein rassia mot den skeive utestaden The Stonewall Inn i New York. Rassiaen utløyste eit opprør som varte i fleire dagar. Fleire av dei som protesterte var afroamerikanarar.

Dette opprøret blir ofte rekna som den første pridemarkeringa i verd a . I likskap med Black lives matter demonstrasjonane me ser i dag, starta pride som eit opprør mot politivald, diskriminering og trakassering.

Nyttige lenker:

Om Stonewall-opprøret på harvard.edu

Om pride i Noreg på snl.no

 

Black lives matter

I kjølvatnet av drapet på George Floyd og Black lives matter protestane , har LHBTI-rørsla satt ekstra fokus på korleis mørkhuda skeive møter rasisme og diskriminering både internt og eksternt.

FRI, som er den største organisasjonen i Noreg , kom til dømes med ein uttale der ein beklaga tidlegare hendingar og erklærte at den skeive rørsla må vera antirasistisk.

Nyttige lenker:

FRI sin uttale

Black lives matter-rørsla si nettside

Bli Medlem