Vel stad

Sauda

Redd eit hus

Folkets hus

Startar: 5 okt 2023 | KL 09:30

Sluttar: 5 okt 2023 | KL 16:30

Stad: Folkets hus

Kurs i søknadsskriving
Har du eit gamalt hus som treng omsorg?  I oktober inviterer me til kurs i søknadsskriving i samarbeid med Fortidsminneforeininga, Ryfylke lokallag. Her kan du lære om kor og korleis du kan søke om støtte til restaurering, og få gode råd på vegen.

Kurset går føre seg på Folkets hus i Sauda, 5. oktober.

 

PROGRAM:

09.30 – 10.00: Registrering og kaffi

10.00 Velkomen ved Grete Holmboe, leiar i Fortidsminneforeininga, FMF Ryfylke lokallag.

10.05 Kva kan Fortidsminneforeininga bidra med? Kva tilskotsordningar kan vera aktuelle? Ved Grete Holmboe.

10.30 Kva kan Rogaland fylkeskommune bidra med? Ved rådgjevar Øyvind Malmin, seksjon for kulturarv.

11:30 – 12.30 Lunsj

12.30 Kva kan Kulturminnefondet bidra med? Teams-møte med Kulturminnefondet ved Per Hilleren.

13.00 Spørsmål frå publikum.

13.30 Kva kan Ryfylkemuseet bidra med? Ved bygningsvernrådgjevar Simen Bie Malde, Ryfylke bygningsvernsenter.

14.00 Korleis finne historisk informasjon om huset ditt? Ved Kirsten Hellerdal Fosstveit, Museumstjenestene i Rogaland.

14.30 Kaffi

15.00 Ein huseigars erfaring. Ved Aud Hege Jørgensen.

15:30 Spørsmål/open diskusjon

16.00 Slutt

Det er satt av god tid til individuell hjelp og til samtaler rundt kaffikoppen.

STAD: Folkets hus, Nyesalen, Sauda

TID: Torsdag 5.oktober kl. 09.30 -16.30.

MÅLGRUPPE: Eigarar av verneverdige hus,
sakshandsamarar og handverkarar.

ARRANGØRAR: Ryfylkemuseet og Fortidsminneforeningen Ryfylke lokallag

PÅMELDING: Innan 1. oktober via skjema, eller via e-post til: bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no

BETALING: kr. 250 som inkluderer lunsj og kaffi.
Betaling ved frammøte.
Ønskjer du å få tilsendt faktura oppgir du det ved påmelding.

Har du spørsmål?
Kontakt: Simen Bie Malde
E-post: bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no
Tlf: 40183602

Bli Medlem