Startar: 21 okt 2021 | KL 09:30
Sluttar: 21 okt 2021 | KL 17:00
Stad: Kulturhuset i Suldal
Kurs i søknadsskriving
På dette kurset lærer du korleis du skal gå fram for å søkje støtte til istandsetjing av verneverdige hus, og kvar du kan søkja støtte.
Målgruppe for kurset er eigarar av verneverdige hus, sakshandsamarar og handverkarar.
Kurset er lagt opp slik at tilreisande sørfrå kan bruka hurtigbåt til og frå Sand.
09:30 | Velkomen v/Grete Holmboe, leiar i Fortidsminneforeningen i Ryfylke. Presentasjonsrunde. Problemstillingar frå den enkelte, behov for hjelp. |
10:00 | Korleis og kvar kan du finna historisk informasjon om huset ditt? v/Kirsten Hellerdal Fosstveit, Fortidsminneforeningen Ryfylke |
10:30 | Kva mulege tilskottsordningar finst? Grete Holmboe |
11:00 | SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i landbruket) v/Nono Dimby, sakshandsamar Statsforvaltaren i Rogaland. Korleis søkjer ein og kva er viktig å få med i ein søknad? |
12:00 | Lunsj |
13:00 | Ein huseigars erfaringar v/Kristin Bern. Gardshus på Foss i Suldal |
13:30 | Kulturminnefondet og deira rolle v/ Per Hilleren frå Kulturminnefondet. Korleis søkjer ein og kva er viktig å få med i ein søknad? |
14:00 | Kva kan Ryfylkemuseet bidra med? v/avdelingsleiar/bygningsantikvar Simen Bie Malde. |
14:30 | Kva kan FMF bidra med? v/leiar i Fortidsminneforeningen Ryfylke lokallag Grete Holmboe |
15:00 | Erfaringar frå utøvande handverkar v/handverkar Åsmund Kalstveit |
15:30 | Spørsmål og individuell hjelp. |
17:00 | Slutt |
Meld deg på ved å fylla ut skjema her, eller kontakt Grete Holmboe:
e-post: ryfylke@fortidsminneforeningen.no
tlf: 480 01 359
Påmelding innan 15. oktober.
Kurset kostar kr 200. Dette inkluderer enkel servering. Betaling ved frammøte, eller få tilsendt faktura.
Kurset blir gjennomført i samarbeid med Fortidsminneforeningen, Ryfylke lokallag.