Vel stad

Suldal

Ryfylkedagane 2018

Nesasjøhuset

Startar: 1 jun 2018 | KL 9

Sluttar: 3 jun 2018 | KL 17

Stad: Nesasjøhuset

RYFYLKEDAGANE PÅ MUSEET

Velkommen til Ryfylkedagane, desse dagane skjer det mykje på Nesasjøhuset og i Sand sentrum.

 

RYFYLKEDAGANE PÅ MUSEET

Vi har ope på Nesasjøhuset på fredag, laurdag og søndag.
Velkommen i våre utstillingar: Kvitebjørnen, interaktiv utstilling for barn, og Ull og sau rundt Nord-Atlanteren
Kos deg med ein kaffikopp og ein nysteikt vaffel i vår kafé og sjå deg rund i vår museumsbutikk

Brødrene af Sand

Folkefest i Ryfylketeltet

Programmet er under arbeid.

Folkefest i Ryfylketeltet på Verven

Under Ryfylkedagane blir det folkefest i Ryfylketeltet. Noko festivalsjef Marit Larsen er godt nøgd med.
Me er stolte av at me har landa eit breidt program i Ryfylketeltet i år. I Suldal er me gode på samarbeid, på tvers av kulturhus, næringar og Ryfylkemuseet har me fått til mangfald for unge og vaksne til å lage folkefest i Ryfylketeltet. Me håpar det blir god stemning og ei minnerik helg, seier ho.

Les meir om arrangementet her: Folkefest i Ryfylketeltet

Programmet:
Morning Crows
MORNING CROWS er eit rockeband frå Stavanger som blei starta av Mario Adjemi, som er frå Erfjord. Her er ingen songar like, her får de frå bånn gass Rock N Roll til rolege balladesonger, med lange fine soloar! Denne dagen vil det og bli spelt låtar frå The Rolling Stones, Bon Jovi, Guns N’ Roses, og Ingenting.

I Ryfylketeltet fredag 1. juni!

Plumbo
Rockebandet Plumbo gler seg til å koma til Suldal og spele for oss. Plumbo blandar sjangrar som folk, boogie, pop, og rock, og musikken blir ofte omtalt som som festrock. Musikken er meint for å lage god stemning, anten ein er i bil, på fest, eller på jobb. Plumbo er eit rutinert liveband, med bredde, variasjon og ikkje minst godt «trøkk». Pur speleglede, scene-entusiasme og allsong, høyrer med på konsertane.

Opplev dei i Ryfylketeltet fredag 1. juni!

Vorspiel med Skalldyrbord frå KULP.
Kulp og Ryfylkedagane vil invitera deg til skalldyrbord og god stemning som vorspiel til folkefesten laurdag.

Valkyrien Allstars
Valkyrien Allstars utforskar og utfordrar bruken av tradisjonelle instrument og gamal norsk musikk – i eit kontemporært uttrykk. No kjem dei til Ryfylkedagane for å lage folkefest! Bandet har gjennom 10 år med iherdig konsertverksemd utvikla seg til eit solid og leikent liveband som aldri spelar to like konsertar og er i stadig forandring.
«Det låter både rufsete og raffinert, både deilig teatralsk og dypt personlig.»
(Jon Mikkel Broch Ålvik, Morgenbladet)
Det som begynte som ein rein hardingfeletrio har utvikla seg til noko som rett og slett er litt vanskeleg å beskrive. Det må opplevast!

Og det kan du oppleve i Ryfylketeltet laurdag 2. juni!

Pakkers
Det er i år 20 år sidan Pakkers (Matpackers) hadde sin debut.
Suldølene kjenner godt til desse karane frå Vindafjord som spelar musikk som passar perfekt for folkefest! Det er i år 20 år sidan Pakkers sitt debutalum, «Unpacked», kom ut. Det blir feira med ny single, «Ut i det blå», der dei har fått med seg Karmøys eldste boyband, shantykoret Slogmåkane

I Ryfylketeltet laurdag 2. juni!

Geir Halleland
Allereie som 5-6 åring fekk Geir Halleland sitt første trommesett, og då var det gjort. Etter å ha stått på som trommeslager og vokalist i band som Parece (1980), Sally (1984), S.O.B (1986), Capt.Kane (1990), skifta han trommene ut med kassegitar og begynte på heiltid som trubadur. Geir er godt kjent i Suldal og vore på besøk hjå oss mange gonger. Vi gler oss over at han er med oss og lagar folkefest på Ryfylkedagane.

Opplev han i Ryfylketeltet laurdag 2. juni!

Kjøp billettar hjå www.suldal.kulturhus.no

Velkomne til glade festivaldagar!

 

Bli Medlem