Startar: 10 nov 2022 | KL 11.00
Sluttar: 13 nov 2022 | KL 16.00
Stad: Fleire stader
Ryfylkemuseet arrangerer festival for andre gong. Det blir som vanleg Folkemusikk- og dansehelg og Folk på Fredag. Det blir Kulturkafé for alle, kurs innan handverk, me held og ope i sjøhuset på Strandanes der MS Suldal (Dampen) står. Ryfylkemuseet sine bygg i Nordenden er opne.
Fellesnemnaren er immateriell kultur, eller handlingsboren kunnskap, midt i kjerneverdiane av det Ryfylkemuseet driv med.
PROGRAM
Som publikum på festivalen kan du få oppleva både konsertar og kurs med folkemusikkutøvarar i toppklasse. Du kan kasta deg utpå og læra deg noko heilt nytt, eller du kan få påfyll og inspirasjon til noko du driv med frå før.
Torsdag 10. november
11.00-16.00 Nesasjøhuset held ope med Kvitebjørnen, utstillingar og festivalkontor
18.00-20.00 Kulturkafé for alle med innslag frå Suldal kulturskule og alle som har lyst
Fredag 11. november
10.00-17.00 Nesasjøhuset held ope med Kvitebjørnen, utstillingar og festivalkontor
10.00-15.00 Kurs i skøyting av trekonstruksjonar, Verkstaden (påmelding)
18.30-00.00 Festivalkveld, Kulturhuset i Suldal
Open kafè, Folk på fredag med konsert, jam og dans
Laurdag 12. november
09.00-22.00 Folkemusikk- og dansehelg, Mo laksegard (påmelding)
10.00-17.00 Nesasjøhuset held ope med Kvitebjørnen, utstillingar og festivalkontor
11.00-13.00 Kurs i sliping av verktøy 1, Verkstaden (påmelding)
11.00-12.30 Barkebåtbygging for barn ved Nesasjøhuset
12.15-12.30 Songstund for heile familien
12.30 Barkebåtregatta
11.00-14.00 Bålpanne og grilling for alle ved Nesasjøhuset
14.00-16.00 Kurs i sliping av verktøy 2, Verkstaden (påmelding)
14.00-15.00 Folkedans for dummies, Mo grendehus
20.00 Huskonsert, dans og jam, Mo laksegard
Sundag 13. november
09.30-14.00 Folkemusikk- og dansehelg, Mo laksegard (påmelding)
11.30-13.30 Omvising på MS Suldal med bålpanne og grilling for alle ved Strandaneset
12.00 Omvising 1
13.00 Omvising 2
11.00-16.00 Nesasjøhuset held ope med Kvitebjørnen og utstillingar
12.00-15.00 Bak kulissene på museet
Festivalen er støtta av:
Ryfylkefondet, Suldal kommune, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg