Vel stad

Sauda

Opplev industrihistoria i Sauda

Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Startar: 25 jun 2019 | KL 12:00

Sluttar: 22 aug 2019 | KL 16:00

Stad: Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

OPNINGSTIDER 2019
26. juni til 23. august: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag kl. 13:00 – 16:00
Bli med på ein guida tur i Åbøbyen: oppmøte ved Folkets Hus kl. 12.00 på dei dagane Industriarbeidarmuseet er ope. Turen avsluttes på Industriarbeidarmuseet.
Omvisning for grupper etter førespurnad
Er du i Åbøbyen når dørene til  Industriarbeidarmuseet er stengt? Last ned vår gratis nedlastbare app (Ryfylkemuseet) som blir din guide på mobilen.

I heile sommaren kan du bli med på ein gatevandring i Åbøbyen. Gatevandringa avsluttes på Industriarbeidarmuseet som ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebolig.

Desse boligane låg nærmast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken.

Her kan du oppleve fleire utstillingar

  • SLIK BUDDE ME FØR

Sjå leilegheiter i 1920 og 1960-tals stil

Det gjer altid inntrykk å sjå korleis andre har budd og levd.

Velkommen ‘heim’!

  • UNDER RØYKEN -OM LIVET I ÅBØBYEN

Utstillinga fortel om korleis livet var for dei industriarbeidarar som jobba på fabrikken, den fortel om fabrikken og om Åbøbyen.

 

I tillegg til eit besøk til Industriarbeidarmuseet kan du bli med på ein gatevandring i Åbøbyen. Møtt opp på Folkets Hus kl. 12.00 dei dagane museet er ope.

Er du i Åbøbyen og museet er stengt, last ned vår gratis app ‘Ryfylkemuseet’ og få litt informasjon om Åbøbyen på mobilen din.

 

Les meir om Industriarbeidarmuseet.

Bli Medlem