Vel stad

Ryfylke

Sommar-rebus

Fleire stader

Startar: 25 jun 2020 | KL 09:00

Sluttar: 25 aug 2020 | KL 18:00

Stad: Fleire stader

Kvitebjørnen sin sommar-rebus

25.juni til 25.august vandrar han rundt og besøker Ryfylkemuseet sine mange anlegg i heile Ryfylke.

Kvitebjørnen sin sommar-rebus

Nå har Kvitebjørnen stått einsam inne på Nesasjøhuset i lange tider. Den har sakna besøk av alle ungane. Det tar litt tid før han får lov til å ha besøk her inne igjen, så nå vil han ut og lufta seg litt. Men denne gongen skal han ikkje mot Nordpolen, han har tenkt å ta seg ein liten sommarferie i eige distrikt: Ryfylke.

25.juni til 25.august vandrar han rundt og besøker Ryfylkemuseet sine mange anlegg i heile Ryfylke.

Kor mange museumsanlegg greier du å besøke i sommar? Besøk eit anlegg eller fleire, og sjå om du kan finne Kvitebjørnen. På anlegga der Kvitebjørnen er finn du ein kode. Samle kodar og bli med i trekking av premiar. Du vil også finne forslag til aktivitetar.

Her er stadene Kvitebjørnen har tenkt å besøke i sommar:
Bergevik
Hustveit
Håland
Industriarbeidarmuseet
Jelsa
Kolbeinstveit
Kvitsøy hummermuseum
Li
Røynevarden
Viga
– Kvednahola

Her er skjema som ein kan skrive ut til rebusen.

Bli Medlem